Norges Fjordhestlag sender inn hårprøver for å fargegenteste alle nykåra hingstar. Dette er eit tiltak i å bevare alle dei fem fjordhestfargane. Resultata for årets hingstar er no klare. 

Gjennom fargegentesting kan ein få vite om hingstane kan gje grå eller raudblakke avkom. Hoppa må også vere berar av desse fargane for at avkommet skal verte grått eller raudblakk.

Birkelid Truls og Årøy Elmer kan gje grå avkom. Sølvguten kan gje raudblakke avkom. Vidar van het Bloemenveld kan gje både raudblakke og grå avkom. Heggnes Bruse, Kleivenes Einar, Myklemo Nor, Myklemo Thorin, Remes Einar, Skogheims Igor og Wilmer Solberg kan ikkje gje verken raudblakke eller grå avkom.