Norges Fjordhestlag har i 2024 fått tildelt 289 334 kroner i Frifond-midlar, som vi deler ut til lokallag som vil arrangere aktivitetar for born og unge.
Søknadsfrist for 2024 er 10. september, og rapportering må skje innan 15. november. Vi veit at ikkje alle lokallag er ferdige med sine aktiviteter til den tid, og ber dykk difor gå i dialog med oss dersom de treng å få utsett frist på rapportering.
Skjema:
Kriterier Frifond
Søknadsskjema Frifond 2024
Rapporteringsskjema Frifond 2024
Skjema årsrapport
Kven kan søkje om frifondmidlar gjennom Norges Fjordhestlag?
Lokallag som er tilknytt Norges Fjordhestlag og som oppfyller følgjande krav, kan søkje om frifondmidlar:
- Laget må ha gjennomført årsmøte for føregåande år
- Laget må ha levert årsmelding og rekneskap til Norges Fjordhestlag for føregåande år, og innan søknadsfristen.
- Laget må ha betalt kontingent til NFL for søknadsåret.
- Laget må ha minimum 5 tellande medlemmer under 26 år i Norges Fjordhestlag eller Barnas Fjordhestlag. Merk at det er betalande medlemmer i landslaget med adresse i gjeldande region som er tellande, og ikkje medlemmar på lokallaget si eigen medlemsliste. Lokallag kan få informasjon om tal tellande medlemmar tilsendt ved henvendelse på mail til: post@fjordhest.no.
Kva kan de søke om støtte til?
Norges Fjordhestlag har tre ordningar laga kan søkje om frifondmidlar til:
- Driftsstøtte. Fast beløp på minimum kr 5.000 til lag som driv aktivt, og har tilbod om aktivitetar for barn og unge. Laget må sende rapport på tiltaket i etterkant. Sjå eige skjema. Laget må ellers tilfredsstilla dei generelle krava under punkt 3 i retningslinjene.
- Tilskot til prosjekt for barn og unge i laget. Med prosjekt er det meint alle aktivitetar eller arbeid som kan fremja arbeid med born og unge rundt fjordhesten. Døme kan vera arrangement som ridekurs, stellekurs, køyrekurs, knøttecup, minicup, feil og stil-konkurransar eller satsingsgruppe for born og unge mot fjordhest-NM og liknande. Lokallaget står fritt til å komme med gode idear. Laga må sende eigen søknad om prosjekttilskot med kort prosjektskildring og budsjett. Laget kan berre søkje om tilskot til eitt prosjekt per år. Laget må sende rapport på tiltaket i etterkant. Sjå eige skjema.
- Oppstartmidlar til nyetablerte lag. Dette er midlar som kan delast ut til nye lokallag. Norges Fjordhestlag fordeler driftsstøtte likt mellom laga som har søkt om og er berettiga støtte. Prosjektmidlar tildelast etter søknad til landslaget og fordelast utifrå tilgjengelige midlar det aktuelle året.