Norges Fjordhestlag veit framleis ikkje om vi får avlsmidlar frå Norsk Hestesenter i 2026, men gjennom prosjektet «Genetisk variasjon på fjordhest» vil det i år som i fjor delast ut midlar til medlemmer og lokallag i Norges Fjordhestlag. Etter ei vurdering av effekten av fjorårets tilskot, har vi gjort nokre endringar i tilskota for 2026. 

Dette er tilskota ein vil kunne søke om i 2026:

Tilskot til hoppeeigarar

Tilskot til bedekking av unge hopper

  • 3-årshopper med sløyfe eller premiegrad: 1500 kr
  • Premierte 4- og 5-årshopper: 1500 kr
  • Hoppa treng ikkje vere premiert på bedekningstidspunktet, men må ha premiegrad innan søknadsfristen 1. oktober

Tilskot til bevaring av genetisk variasjon

  • Premierte hopper 6 år og eldre med maks to registrerte avkom: 1500 kr
  • Hoppa treng ikkje vere premiert på bedekningstidspunktet, men må ha premiegrad innan søknadsfristen 1. oktober

Tilskot til bevaring av stamme

  • 1. premiehopper som blir bedekt med hingst maks 8 år som er kåra eller premiert med vekt på stamme: 6000 kr
  • 2. premiehopper som blir bedekt med hingst maks 8 år som er kåra eller premiert med vekt på stamme: 3000 kr
  • Tilskotet omfattar hingsten Endalen, i tillegg til hingstar som blir kåra eller premiert med vekt på stamme i 2026

Tilskot til bevaring av farge

  • 1. premiehopper som blir bedekt med raudblakk, gulblakk, ulsblakk eller grå hingst på maks 8 år: 5000 kr
  • 2. premiehopper som blir bedekt med raudblakk, gulblakk, ulsblakk eller grå hingst på maks 8 år: 3000 kr
  • Det vert ikkje gitt tilskot til kombinasjonar der avkommet kan bli blåaugd kvit (uls-/gulblakke hopper til uls-/gulblakk hingst).
  • Tilskotet omfattar hingsten Sjangsis Elvin i tillegg til eventuelle raudblakke, gulblakke, ulsblakke eller grå hingstar som blir kåra eller premiert i 2026.

Søkar må vere medlem i Norges Fjordhestlag for å få utbetalt tilskot. Du kan kun søke om avlsmidlar for hopper du er registrert som eigar på i nasjonalt hesteregister. Du kan berre søke om eitt tilskot per hoppe. Det vert ikkje gitt tilskot til bedekningar der forventa innavlsgrad på avkommet overstig 12,5%. Søknad sendast inn via dette skjemaet seinast 1. oktober 2026.

Tilskot til lagshingst

  • Lokallag i Norges Fjordhestlag som kjøper eller leiger hingst kan få kr. 20 000 i støtte. Lag kan få støtte til fleire hingstar.
  • Tilskotet omfattar alle førstegangskåra hingstar, samt hingstar maks 8 år som er kåra eller premiert med vekt på stamme eller farge.
  • Hingsten må vere tilgjengeleg på slepp eller stasjon i minst 6 veker.
  • Hingsten må bedekke 1-12 hopper.
  • Hingsten må vere registrert som lagshingst i hingstekatalogen seinast 1. juni, eller så fort etter dette det er gjort avtale om leige/kjøp av hingst. Vi oppmodar også lokallag til å promotere lagshingsten i eigne kanalar.
  • Kopi av bedekningslister og leigekontrakt må sendast inn til Norges Fjordhestlag innan 1. oktober.
  • Dersom hingsten vert brukt på hopper der forventa innavslgrad på avkommet overstig 12,5%, kan tilskotet bil avkorta.

Lokallag må søke tilskot via dette skjemaet seinast 1. oktober 2026. I tillegg skal kopi av bedekningslister og leige-/kjøpskontrakt skal sendast til Norges Fjordhestlag på e-post post@fjordhest.no innan same frist.