Norsk Fjordhestsenter gjennomfører denne veka eit pilotprosjekt for nedfrysing av hestesæd. Med ekspertise frå Danmark skal senteret teste nedfrysingsmetodar som kan bidra til fjordhestavlen i inn- og utland.

av Ingvild Rydjord Hansen

På Norsk Fjordhestsenter har det vore semindrift sidan 2004, og kvart år har senteret to til tre hingstar i seminteneste. I tillegg til å inseminere hopper på stasjonen leverer dei fersk sæd til heile landet. Enkelte år har dei også vore godkjent for å sende sæd utanlands.

Senteret har ved fleire høve tidlegare fryst ned sæd og også eksportert noko av denne. Det har lenge vore eit ynskje om å auke kompetansen om nedfrysing av sæd og å lære seg metodar som gir gode resultat i bruk. Difor har Norsk Fjordhestsenter i år leigd inn den danske inseminøren Steffen Sunesen til å delta på eit pilotprosjekt for nedfrysing av sæd. Håpet er at ein ved hjelp av metodane hans kan levere frosen sæd av høg kvalitet frå norske hingstar til heile verda.

Inseminør Steffen Sunesen frå Danmark er denne veka på Norsk Fjordhestsenter

Kompetanse frå Danmark

Steffen Sunesen har lang erfaring som inseminør. Han har jobba på store avlsstallar i Danmark, og her i Noreg har han mellom anna vore på Jæren Hingst fleire gongar. Dette er første gongen han er på Norsk Fjordhestsenter. Med seg har han eit mobilt laboratorium med topp moderne utstyr.

«Vi får kvart år førespurnadar frå utlandet om kjøp av frosen sæd frå Noreg» seier Anna Benedikte Stegane, dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter. Ho er svært glad for at arbeidet som vert gjort på senteret kan vere med på å styrke fjordhestavlen både nasjonalt og internasjonalt.

Fem hingstar er med

Tapping og testing av hingstane har føregått på Norsk Fjordhestsenter denne veka. I tillegg til danske Sunesen er det avlsansvarleg ved Norsk Fjordhestsenter, Asle Espe og stasjonsveterinærane Torbjørn Nes Hjelle og Martha Engen som arbeider med prosjektet.

Avlsansvarleg Asle Espe er svært glad for at Sunesen hadde høve til å vere med på pilotprosjektet. «Det er naturleg å knytte kontakt med fagpersonar slik at vi kan heve kvaliteten på arbeidet vi gjer» seier Espe. «Det er heller ingen vits å prøve å finne opp kruttet på nytt når det allereie finns gode metodar for nedfrysing av sæd som er godt utprøvd på andre rasar.»

Det er fem hingstar som deltek i prosjektet. Det er i tillegg til stasjonshingstane Nygårds Gurven og Almas Modell lånt inn tre lokale hingstar; Herlig, Fleslands Tindre og Fløgstad Balder.

Alle hingstane har blitt tappa kvar dag denne veka, og sæden er undersøkt, sentrifugert, fortynna, og tappa på strå for nedfrysing. Ein har også tint opp den fryste sæden og undersøkt den på nytt. Hittil viser alle prøver gode resultat. Seinare skal ein også prøve å inseminere hopper med tint sæd. «Denne metoden gir godt tilslag på andre rasar, og vi forventar det same på fjordhest» seier Espe.

Avlsansvarleg Asle Espe og stasjonsveterinær Torbjørn Nes Hjelle tappar hingsten Herlig

Mindre stress for hingstane

I tillegg til å dele av sin kompetanse på sjølve nedfrysingsprosessen, har Sunesen også gitt tilbakemeldingar på korleis ein kan forbetre prosessen rundt tapping. Reduksjon av stress for hingstane er sentralt her.

Anna Benedikte Stegane, dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter

Eitt av tipsa dei ser fram til å prøve ut på Norsk Fjordhestsenter er å bytte ut hopper i boksen ved bukken med ein klut med «hoppelukt» som hingstane får lukte på. Dette gir mindre stress for både hoppe og hingst. «Hingstane som er vande med å møte ei hoppe ved bukken treng nok noko tid for å omstille seg, men vi ynskjer å gjere tappinga så trygg og god som mogleg for dei» seier Stegane.

Genbank

Det er ikkje berre moglegheita for eksport som kjem ut av dette prosjektet. Det står i Handlingsplanen for dei norske hesterasane at det skal etablerast ein genbank, men dette kan ein ikkje starte med før ein har metodar som gjer at den fryste sæden kan nyttast i praksis. Utan det vil ikkje ein genbank ha noko reell verdi.

Erfaringane ein har gjort seg frå pilotprosjektet på Norsk Fjordhestsenter vil vere svært nyttige å ta med seg inn i eit framtidig arbeid med genbank for fjordhest.

Norsk Fjordhestsenter planlegg å tilby frosen sæd til heile verda i 2027

Planlegg å tilby fryst sæd allereie i 2027

Dei førebelse resultata frå prosjektet på Norsk Fjordhestsenter viser svært gode resultat og senteret har allereie gjort avtale med Sunesen om at han skal kome attende i 2027. Då skal senteret vere EU-godkjent stasjon, slik at dei kan levere sæd utanlands. Arbeidet med å kartlegge kva land som ynskjer å kjøpe frosen sæd neste år og kva hingstar som kan vere aktuelle er allereie i gong.

«Vi er svært glade for at dette prosjektet truleg gir oss moglegheit til å kunne eksportere fryst sæd allereie neste år, og på den måten sørgje for at Noreg som moderland vil kunne påverke fjordhestavlen internasjonalt i enno større grad» seier Anna Stegane ved Norsk Fjordhestsenter.