Til trass for at han er berre 19 år, har Håkon Johannes Gudjonsson vore eit fast innslag på Fjordhest-NM i mange år allereie. I år kunne han for første gong reise heim med ein individuell gullmedalje rundt halsen.

Tekst: Ingvild Rydjord Hansen, Foto: Maria D. Guttormsen – Dyrebare øyeblikk

Første gong Håkon Johannes Gudjonsson (19) frå Frederikstad starta Fjordhest-NM var i 2018. Då starta han med hoppa Nattens Godis. Sidan 2023 har han konkurrert med vallaken Nattens Dumle, som til liks med Nattens Godis og hoppa Nattens Sølvi, som søstera hans har konkurrert med, alle kjem frå oppdrettar Marie Thorson Natten.

Frå sølv i fjor til gull i år

I fjor var første gong Håkon starta seniorklassen på Fjordhest-NM. Det haldt til sølvmedalje. I år hadde han eit håp om å bli topp tre. At han skulle gå heilt til topps og bli krona til Noregsmeister, hadde han ikkje trudd på førehand. «Det var så mange gode som starta seniorsamandraget i år, at eg hadde ikkje trua på at vi skulle vinne» seier Håkon.

Årets NM starta med dressur, der nerver og ein litt dårleg dag gav eit midt på treet-resultat for Håkon og Dumle. I køyringa derimot gjekk det svært godt, og dei vart nummer to i klassen med null riv i både grunnomgang og omkøyring.

Før siste klasse, sprang, leda dei seniorsamandraget. Med null riv i grunnomgangen og siger i klassen, kunne Håkon ri av banen vel vitande om at han hadde vorte Noregsmeister. «Dumle hadde verkeleg dagen på sprangbana» seier Håkon. «Han gir veldig god ridekjensle over hindera, men han er ein hest som må ris teknisk godt i sprang for å få gode resultat.»

Lagsølv på heimebane

Håkon og Dumle deltok også i lagkonkurransen saman med arrangørklubben Råde og Onsøy rideklubb. Dei hadde ansvaret for køyreklassen i samandraget, og saman med Tiril Aaberg Bogelund/Nattens Sølvi og Adele Wilhelmse/Rasmusgardens Rasmus tok dei sølvmedalje på heimebane.

«Eg er så takksam for at eg fekk vere på lag med to så gode ekvipasjar. Å ta ein lagmedalje på heimebane er stor stas» seier Håkon. Han fortel at det var litt ekstra press og eit høgt ønskje om å prestere på heimebane. «Eg syns det var veldig kjekt at mange tok turen for å heie på oss, det hjelper på!»

Imponert over klubbkameratane

Sidan han er frå arrangørklubben, har Håkon også hjelpt til i forkant av og under arrangementet. «Eg skulle gjerne ha hjelpt til meir, men sidan eg har tatt til på veterinærstudiet har eg ikkje hatt så mykje kapasitet til å arbeide med stemnet på førehand» seier han. Mellom startane sine på NM har han likevel fått tid til å hjelpe til med diverse dugnadsarbeid.

Håkon rosar klubbkameratane sine for eit fantastisk stemne. «Dei har stått på dag og natt for at NM skulle bli så bra som mogleg, og eg er verkeleg imponert over alt arbeidet dei har lagt ned» seier han, og legg til at dette er eitt av dei beste Fjordhest-NM han har deltatt på. Spesielt er han glad for at det var laga til så mange ekstra opne klasser, for det meiner han er nøkkelen til å rekruttere nye og unge fjordhestentusiastar til NM.

Sjølvsagt er Håkon veldig glad for og stolt over dei gode resultata han fekk til saman med Dumle og resten av laget i år. Likevel er det ikkje resultata som tek hovudfokuset hans på NM. «Det er dei små stundene, dei hyggjelege menneska og det at alle heier på kvarandre sjølv om vi er konkurrentar som er det som verkeleg betyr noko. «Fjordhestfamilien» er verkeleg noko heilt eige» seier han.

Sommarferie for hestane

No er det tid for sommarferie for hestane Dumle og Sølvi. Håkon derimot, skal jobbe i sommar, før han til hausten tek til på andre året på veterinærstudiet. «Hestane har verkeleg fortent ein god sommarferie no, etter å ha levert så gode resultat på NM» avsluttar Håkon.