For andre gong tok Mia Sofie Terøy-Valberg og Stald Kiels Kur gull i juniorklassen på Fjordhest-NM. «Han er ein perfekt meisterskapshest som veit når det gjeld!» seier Mia om den 21 år gamle vallaken.

Tekst: Ingvild Rydjord Hansen, Foto: Maria Dias Guttormsen – Dyrebare øyeblikk

Mia Sofie Terøy-Valberg (18) starta på sitt første Fjordhest-NM i 2021, då ho var 13 år. Den gongen starta ho sprang i BUF-samandraget på hesten Lyheims Leik. Hausten 2021 kjøpte ho vallaken Stald Kiels Kur, og har starta NM saman med han kvart år sidan. Dei har tatt både bronse, sølv og gull i NM junior, og bronse i nordisk dressur junior.

Sidan NM i fjor har Mia også hatt vallaken Nansen på fôr. Han var også med til NM, der han og Mia var påmeldt i greinmeisterskapen i sprang.

Det beste programmet dei har ridd

I forkant av årets NM hadde ikkje Mia så store forhåpningar. Kur har delvis gått som skulehest på hestelinja på Førde vidaregåande skule det siste året, og ho har ikkje ridd han så mykje i år som ho har gjort dei siste åra. Meisterskapen starta likevel bra for ekvipasjen. Dei vann LB dressur, som er første avdeling i juniorsamandraget.

På onsdag starta Mia og Kur MC dressur, som var første del av «Guletur», eit ekstra dressursamandrag som årets arrangørar hadde sett opp. «Dette var det beste programmet vi har ridd ilag nokon gong» seier Mia. Ho var veldig glad for å kunne lese på protokollen at dommarane tykte det var kjekt å sjå god riding. Dei vart første uplasserte på resultatlista.

Køyrde utan pisk

Fredag var det tid for presisjonskøyring, andre del av juniorsamandraget. Etter port nummer tre klarte Mia det kunststykket å hekte fast pisken i selen til Kur, og måtte køyre resten av den lange bana utan pisk. Likevel kom dei seg igjennom feilfritt på både tid og feil, og vart nummer fire i klassen. «Nervane tok meg litt i køyringa, men Kur gjer som alltid sitt beste og losar meg igjennom» seier Mia. Før sprangen låg no dei no på delt førsteplass i juniorsamandraget.

På kvelden fredag rei Mia og Kur kür i «Guletur». Ho skryt av trenaren sin, Trine Jepsen, som hjelpte ho å setje saman program og musikk. Ho var også med til NM for å hjelpe Mia undervegs i meisterskapen. Etter ein svært godt levert kür fekk dei 2. plass i «Guletur» samanlagt. «Å ri kür er noko av det kjekkaste eg har gjort» seier Mia. «Det var ei utrulig god atmosfære på stemneplassen, og eg er veldig nøgd med den musikken eg rei til.»

Ikkje prega av ei veke med konkurranse

Sidan dei leda samandraget, var Mia og Kur sist ute i sprangen. Det kan gi ekstra nervar til kven som helst, og kanskje spesielt Mia. «Eg har ikkje så mykje sjølvtillit i sprang, men då hjelp det å ha ein så fantastisk hest som er heilt i hundre, sjølv etter ei veke med konkurranse» seier Mia. Sjølv om  dei var siste ekvipasje, kom dei seg feilfritt igjennom grunnomgangen, og gullmedaljen var sikra.

Mia Sofie og Nansen i LB. Foto: Maria Dias Guttormsen – Dyrebare øyeblikk

Satsar mot senior neste år

Mia skildrar Kur som ein perfekt meisterskapshest. «Han veit når det gjeld, og det er tydeleg at han elskar å vere med på dette» seier ho. «I år har han rett og slett vore ei superstjerne!»

Kur har blitt 21 år, men alderen verkar ikkje å prege han nemneverdig. «Så lenge han held seg frisk og det er openbert at han trivs med å halde på med dette skal han få lov til det» seier Mia. Dette var Mia sitt siste år som junior, og utgangspunktet hennar er at ho og Kur skal prøve seg i seniorsamandraget neste år, når NM går på heimebane.

Resten av sommaren skal Kur få fri, og gå på beite hos ei venninne av Mia. Sjølv skal ho ut og konkurrere litt med varmblodshesten sin, før ho til hausten skal halde fram med skulegong på Førde vidaregåande skule.

Nøgde med årets meisterskap

Både Mia og mor Britt-Sofi, som sjølv er hesteinteressert, er svært nøgde med årets NM. «Vi er ein liten gjeng som reiser saman kvart år, og alle har vi skrytt av årets arrangørar og av meisterskapen» seier Britt-Sofi.

Mia er også svært glad for at venen Håkon, som ho har blitt kjent med gjennom Fjordhest-NM, vann NM Senior i år. «Vi møtast kvart år på NM og har blitt gode vener, og det var utruleg stas å kunne dele pallen med han» avsluttar Mia.

«Det er kanskje det aller beste med Fjordhest-NM,» seier mor Britt Sofi, «at folk heiar på kvarandre og unnar kvarandre suksess sjølv om dei er konkurrentar».