Program:
Fredag 30. oktober:
18.00: Velkomen v/Jon Ole Botnevik, leiar i Norges Fjordhestlag
18.15: Nytt frå Norsk Hestesenter
19.00: Kvardagshesten – kva forventar vi, og kva krevst av oss? v/Øystein Lien
20.00: Middag
Laurdag 31. oktober:
Føremiddag: Praktisk del – Fjordhesten i allsidig bruk
Målet med den praktiske delen er å inspirere deg til å bruke fjordhesten din, anten ved å gje deg meir kunnskap om ei grein du er interessert i frå før, eller å gi deg idear til nye måtar å bruke hesten på.
Ca. 08.45: Avreise frå Quality Hotel Sogndal til Sogndal Hestesenter
09.00: Kom i gang med skogskøyring ved Øystein Lien
09.45: Dressurclinic: Harmoni med hesten – frå unghest til vaksen ved Hanne Hollekve
10.30: Pause med lett servering
11.00: Inspirasjonsbolk i grupper
- Kom i gang med skogskøyring – demonstrasjon i skogen
- Dressur på tur
- Bruksgreinene som treningsverktøy
- Korrekt tilpassing av maraton- og arbeidssele
Ca. 13:00: Avslutning praktisk del og retur til Quality Hotel Sogndal
14.00: Lunsj
Ettermiddag: Utdanning av fjordhest
15.00: Korleis kan fokus unghest brukast for å skape aktivitet i lokallaga? ved arbeidsgruppa for Fokus Unghest
16.15: Gjer unghesten klar til BUF ved Cassandre Bach-Gansmo
17.15: Frå føl til brukshest – korleis sikrar vi framtidas marknad?
I dag er det stor etterspurnad etter vaksne, utdanna fjordhestar, men folk slit med å få seld unghestane sine. Vi klarer ikkje skape nok kjøparar til dei unge hestane, og vi har for få vaksne, utdanna hestar til dei som ynskjer å kjøpe ein slik fjordhest. Utan at folk bedekker hoppene sine og kjøper og utdannar unghestane, har vi ingen vaksne hestar å tilby marknaden.Vi deler oss i grupper og diskuterer korleis Norges Fjordhestlag (både lands- og lokallag) kan vere med på å løyse denne utfordringa.
18.30: Dagens program er ferdig.
20.00: Halloween-festmiddag
Kle deg ut – vi premierer dei beste kostymene!
Søndag 1. november:
09.00: Hoven sin påverknad på hesten sine rørsler ved hovslagarmeister Odd Anders Otterstad
10.30: Ta vare på hesten – enkle teknikkar du kan gjere sjølv ved equiterapeut Kjersti Anette Botnevik
11.45: Best bruk av NFL sine avlsmidlar
I 2025-2027 har Norges Fjordhestlag prosjektmidlar frå prosjektet «Genetisk variasjon hos fjordhest» i tillegg til ordinære avlsmidlar frå NHS. Kva erfaringar har vi gjort oss frå prosjektet hittil, og korleis meiner medlemmane vi bør prioritere avlsmidlane frå 2028?
13.00: Nytt frå organisasjonen/Open post
Lunsj og vel heim
Prisar og påmelding
Heilpensjon fredag-søndag i dobbeltrom – 4995 kr (5295 kr etter 13.09)
Heilpensjon fredag-søndag i enkeltrom – 5495 kr (5795 kr etter 13.09)
Heilpensjon laurdag-søndag i dobbeltrom – 3495 kr (3795 kr etter 13.09)
Heilpensjon laurdag-søndag i enkeltrom – 3995 kr (4295 kr etter 13.09)
Deltaking utan overnatting, inkl. middag fredag og laurdag – 3495 kr
Deltaking utan overnatting, utan middag – 2295 kr
All påmelding skjer via skjema på LetsReg. Meld deg på seinast 13. september for å få «tidleg ute»-pris! Påmelding etter 13. september må betale full pris, som står i parantes. Siste frist for påmelding er 11. oktober.
Ved spørsmål, ta kontakt med arrangementsansvarleg Ingvild Rydjord Hansen på telefon 95 92 51 28.


