Norges Fjordhestlag ynskjer alle medlemmer hjarteleg velkomne til Haustmøtet 2022, og opnar no for påmelding.
Årets Haustmøte vert arrangert på Scandic Kokstad i Bergen 4.-6. november, og byr på eit variert program med tema som bør vere relevante for alle som driv med fjordhest.
Du kan no melde deg på Haustmøtet, og det gjer du via påmeldinggskjema på deltager.no (trykk på lenkja for å kome til påmeldingsskjema). Påmeldingsfrist er 18. oktober, og påmelding er bindande.
Program for Haustmøtet 2022
4.-6. november
Scandic Kokstad, Bergen
Møteleiar: Bjørn Vollstad
Fredag 4. november
18.00 | Opning av Haustmøtet v/ Hege Sæther Moen, leiar i Norges Fjordhestlag |
18.15 18.30 |
Nytt frå Norsk Hestesenter Utviding av verkeområdet for stamboka |
20.00 | Middag |
Laurdag 5. november
09.00: |
Nytt frå styret og utval i Norges Fjordhestlag
|
10.00 | Pause |
10.15 |
Fjordhesten sine rørsler – teoridel Kva bygningstrekk påverkar fjordhesten sine rørsler? Kva er gode rørsler på ein fjordhest? |
12.00 | Lunsj |
13.15 |
Fjordhesten sine rørsler – praktisk del Praktisk demonstrasjon av ulike fjordhestar i riding, køyring og lausmønstring med testryttar og testkusk. Fagpersonar kommenterer undervegs. |
15.30 | Pause med mat |
16.00 |
Følskue: Demonstrasjon av dømming i praksis
|
20.00 | Festmiddag |
Søndag 6. november
09.00: |
Oppdatering på forskingsprosjekt med fjordhest
|
10.00 |
Fjordhesten sitt temperament Kva veit vi om fjordhesten sitt temperament? Kvifor er fjordhesten sitt temperament så avgjerande for rasen som allsidig brukshest? Diskusjonsbolk i grupper med innleiarar frå lokallag og tillitsvalde i Norges Fjordhestlag. |
13.30 |
Open post Avslutning |
14.00 | Lunsj |
Med atterhald om endringar.