Program: 

Fredag 30. oktober:

18.00: Velkomen v/Jon Ole Botnevik, leiar i Norges Fjordhestlag
18.15: Nytt frå Norsk Hestesenter
19.00: Kvardagshesten – kva forventar vi, og kva krevst av oss? v/Øystein Lien
20.00: Middag

Laurdag 31. oktober:

Føremiddag: Praktisk del – Fjordhesten i allsidig bruk
Målet med den praktiske delen er å inspirere deg til å bruke fjordhesten din, anten ved å gje deg meir kunnskap om ei grein du er interessert i frå før, eller å gi deg idear til nye måtar å bruke hesten på.

Ca. 08.45: Avreise frå Quality Hotel Sogndal til Sogndal Hestesenter
09.00: Kom i gang med skogskøyring ved Øystein Lien
09.45: Dressurclinic: Harmoni med hesten – frå unghest til vaksen ved Hanne Hollekve

10.30: Pause med lett servering

11.00: Inspirasjonsbolk i grupper

  • Kom i gang med skogskøyring – demonstrasjon i skogen
  • Dressur på tur
  • Bruksgreinene som treningsverktøy
  • Korrekt tilpassing av maraton- og arbeidssele

Ca. 13:00: Avslutning praktisk del og retur til Quality Hotel Sogndal

14.00: Lunsj

Ettermiddag: Utdanning av fjordhest

15.00: Korleis kan fokus unghest brukast for å skape aktivitet i lokallaga? ved arbeidsgruppa for Fokus Unghest

16.15: Gjer unghesten klar til BUF  ved Cassandre Bach-Gansmo

17.15: Frå føl til brukshest – korleis sikrar vi framtidas marknad?
I dag er det stor etterspurnad etter vaksne, utdanna fjordhestar, men folk slit med å få seld unghestane sine. Vi klarer ikkje skape nok kjøparar til dei unge hestane, og vi har for få vaksne, utdanna hestar til dei som ynskjer å kjøpe ein slik fjordhest. Utan at folk bedekker hoppene sine og kjøper og utdannar unghestane, har vi ingen vaksne hestar å tilby marknaden.Vi deler oss i grupper og diskuterer korleis Norges Fjordhestlag (både lands- og lokallag) kan vere med på å løyse denne utfordringa.

18.30: Dagens program er ferdig.

20.00: Halloween-festmiddag
Kle deg ut – vi premierer dei beste kostymene!


Søndag 1. november:

09.00: Hoven sin påverknad på hesten sine rørsler ved hovslagarmeister Odd Anders Otterstad

10.30: Ta vare på hesten – enkle teknikkar du kan gjere sjølv ved equiterapeut Kjersti Anette Botnevik

11.45: Best bruk av NFL sine avlsmidlar
I 2025-2027 har Norges Fjordhestlag prosjektmidlar frå prosjektet «Genetisk variasjon hos fjordhest» i tillegg til ordinære avlsmidlar frå NHS. Kva erfaringar har vi gjort oss frå prosjektet hittil, og korleis meiner medlemmane vi bør prioritere avlsmidlane frå 2028?

13.00: Nytt frå organisasjonen/Open post

Lunsj og vel heim

Prisar og påmelding

Heilpensjon fredag-søndag i dobbeltrom –  4995 kr (5295 kr etter 13.09)
Heilpensjon fredag-søndag i enkeltrom –  5495 kr (5795 kr etter 13.09)
Heilpensjon laurdag-søndag i dobbeltrom – 3495 kr (3795 kr etter 13.09)
Heilpensjon laurdag-søndag i enkeltrom – 3995 kr (4295 kr etter 13.09)
Deltaking utan overnatting, inkl. middag fredag og laurdag – 3495 kr
Deltaking utan overnatting, utan middag – 2295 kr

All påmelding skjer via skjema på LetsRegMeld deg på seinast 13. september for å få «tidleg ute»-pris! Påmelding etter 13. september må betale full pris, som står i parantes. Siste frist for påmelding er 11. oktober.

Ved spørsmål, ta kontakt med arrangementsansvarleg Ingvild Rydjord Hansen på telefon 95 92 51 28.