Sponsorer NM Fjordhest 2016
Askvoll Hestetrygdelag
Øen Hestetrygdelag
Kyrkjebø Hestetrygdelag
Nordre Sunnmøre Fjordhestlag
Sømna og Brønnøy Fjordhestlag
Jølster Hestetrygdelag
Eid Hestetrygdelag
Osterøy Fjordhestlag
Midtre Nordfjord Fjordhestlag
Sykkylven Fjordhestlag
EIKSENTERET FØRDE
SPORT OUTLET FØRDE
YRKESKLÆR FØRDE
SPAR SKEI
ESSO SKEI
FELLESKJØPET SKEI
FARSUND BYGG
TOOLS FØRDE
SCANDIC SUNNFJORD HOTELL
THON HOTEL FØRDE
BYGGMAKKER
KONTORSPAR
MOTEK
ERDAL SPORT
BILTREFF
Dag(er)
:
Time(r)
:
Minutt(er)
:
Sekund(er)
Siste innlegg:
[catlist name=nm numberposts=5]
Mo og Øyrane vidaregåande skule
Informasjon om stevneplassen og veibeskrivelseInfo om stevneplassen
Mo i Førde
Mo ligg i Førde kommune i Sogn og Fjordane. Mo er ein gammal gard som har røter tilbake til jernalderen, men i 1857 blei garden seld til fylket som landbruksskule. Mo er ein av dei to eldste landbruksskulane i landet. Parken på Mo er særskild vakker og har mange spesielle tresortar og blir halde godt i hevd av skulen. Folk frå regionen brukar Mo som rekreasjonsstad grunna det vakre kulturlandskapet og dei godt tilrettelagde stiane i området. I tillegg er den vakre Huldefossen ein av dei mest besøkte attraksjonane i Sunnfjord, med fleire busslaster kvar dag gjennom heile turistsesongen.
Mo er no ein moderne vidaregåande skule og har felles administrasjon med formgjevingsfaglinja i Jølster. Mo og Øyrane vidaregåande skule har studietilbod innan naturbruk, yrkesfag og allmennfag. Mo har satsa stort på husdyrbruk med heilt nytt fjøs for kyr, gris, høns og hest. Hestelinja er eit av dei tilboda som er under stadig utvikling og elevane får vere med på alle aktivitetar med hest. Studietilbodet kan du lese meir om her: http://www.oyrane.vgs.no/
Mo trav- og galloppbane er eit samarbeid mellom Mo og Øyrane vgs, Firda travlag , Sunnfjord fjordhestlag og Førde køyre- og rideklubb. Travbana er mykje brukt som treningsbane og har jamnleg lokale løp. Anlegget har ei 80 x 40 bane som blir brukt ved ride- og køyrekonkurransar, ei 20 x 60 og ei 20 x 40 som blir brukt i undervisning dagleg. I tillegg blir fotballbana på skulen brukt i samanheng med større stemner. Det er fleire permanente maratonhinder i nydelege omgjevnadar på anlegget samt løype til knøttecup. Anlegget har mange flotte ridestiar i nærområdet og for lengre turar er det fjell i alle retningar.Hestelinja på Mo har ingen skulehestar, men brukar privathestar i undervisninga. Til saman har Mo plass til 30 hestar fordelt på 2 stallar. Stall A er bygd i samband med fjøsen og har både spilt og boksar i tillegg til alle fasilitetar ein treng i ein moderne stall. Stall B er bygd som kaldstall. Det er planlagt utbygging av ridehall og fleire stallar, og dette vil gjere Mo til eit av dei mest attraktive hesteanlegga i Sogn og Fjordane.
Vi ynskjer alle velkommen til det flotte anlegget vårt og håpar alle vil ha ei trivleg stemneveke!
Mo Jordbrukskole
Veibeskrivelse:
Korleis komme seg til Mo !
Mo ligg ca. 10 km aust for Førde, langs E39.
Med bil
Frå Oslo:
Ca. 7 t. over Hemsedal, Lærdal, Skei. Ei ferje: Fodnes-Manheller.
Frå Bergen:
Ca. 3 t. Ei ferje: Oppedal-Lavik.
Frå Trondheim: Ca. 8 t. via Molde og Ålesund. 5 ferjer: Halsa-Kanestraum, Molde-Vestnes, Festøya-Solevåg, Folkestad-Volda og Anda-Lota.
Ca. 8 t. via Otta og Stryn.
Med fly
Widerøe flyr frå Oslo og Bergen. Flytid frå Oslo er ca. 1 time, frå Bergen ca. 20 min. Sjekk rutetilbod og prisar på www.wideroe.no
Med buss
Same rutene som med bil, men det tek nok litt lenger tid. Sjekk rutetilbod og prisar på www.nor-way.no