Norges Fjordhestlag inviterer til:
Temamøte: Lokallag som drivkraft i framtida – kva skal til?
Tid og stad: Etter årsmøtet 5. mai, Operahuset Nordfjord.
Vi inviterer utsendingar og andre medlemmer til ope temamøte rett etter at årsmøtet er slutt.
Styret ønskjer å kome i nærare dialog med lokallaga, og har difor lagt til rette for ein programpost leia av Bjørn Vollstad med tittelen «Lokallag som drivkraft i framtida – kva skal til?».
Bjørn vil lose oss gjennom ein diskusjonsrunde der vi ønskjer innspel frå dykk når det gjeld utfordringane med lokallagsarbeid, og kva de meiner er vegen å gå for å skape engasjement og driv for vidare arbeid i framtida.
Det vil også bli ein kort orientering frå avlsutvalet vedrørande revisjon av avlsplanen.
Styret
Har ikkje høve til å vere med på diskusjonen live som det heiter, men vi gjerene komme med litt tankar. Slik eg ser det må lokallaget vere berebjelken i alt fjordhestarbeid. Det gjeld både i rekruttering og aktivitetar. I Sunnfjord har vi hatt ei klarfordeling av oppgåver mellom distriktslaget og lokallaga. Avl(Hingstehald) og utstillingar/unghestsjå tek distriktslaget seg av. Lokallaga si oppgåve er å drive aktivitetar og rekruttering. Kor det er i resten av landet har eg liten oversikt over, men eg har ei kjennsle av at lokallaga ikkje heilt gjer jobben sin for å sei det på ein fin måte. Det hjelper lite å sitje å rundt å låte ille over ungdommen og desse unge jentene viss dei ikkje får høve til å møte fjordhesten i praktisk bruk i ulike bruksgreiner. Som styre i eit lag i utkanten av utkanten har vi prøvd å fange opp ungdommen i den tida dei bur i distriktet. Det viser seg at interessen er der. Det er berre om å gjere at lokallaget har kapasitet og ikkje minst brukande hestar.For at vi også skal stimulere avlarane til kvalitetsavl har vi vedteke å gje avlsstøtte til dei som får fram gode dyr på unghestsjået. Det er lokallaga som må vere misjonærane om fjordhesten skal få den framgangen vi alle ønskjer og håpar. Etter mitt syn har misjonærane vore svært sålunkne i trua.