Utvida bruksprøver dag 1: Laushopping og rideprøver
Åtte hingstar er inne til utvida bruksprøver under årets hingsteutstilling. I dag vart testen opna med laushopping og rideprøver.
Åtte hingstar er inne til utvida bruksprøver under årets hingsteutstilling. I dag vart testen opna med laushopping og rideprøver.
Åtte hingstar er inne til utvida bruksprøver under hingsteutstillinga 2018. Sju av desse var kåra i fjor, den siste var kåra i 2016. To av hingstane er fem år, dei andre er fire år gamle. Hingstane skal visast i laushopping, riding, dressurkøyring og arbeidskøyring.
Utstillingsringane er sett opp. Både fjordhest og fjordhestfolk strøymer til Eid, som er pynta med fjordhestbannerar. Stemninga er stigande. Det er klart for årets vakraste eventyr og verdas største fjordhestfest – hingsteutstillinga på Nordfjordeid.
Tysdag 1. mai vart det arrangert unghestskue på Breim.
29. april vart det arrangert unghestskue i Førde. Dommarar var Asle Espe og Kristen Vines.