Fjordhesten er populær som brukshest i Noreg, og er mykje brukt i konkurransar i mange ulike greiner. Fleire og fleire startar klasser under Noregsmeisterskapen for fjordhest, og etterspørselen etter gode brukshestar er stor. Kva er viktige kvalitetar hos ein fjordhest som skal verte ein god og allsidig brukshest, og korleis får ein ut maksimalt potensiale i den hesten ein har?

Dette er andre del i artikkelserien «Korleis skape ein god brukshest?», og denne delen vil ta føre seg kjøp av ny hest. Det er stor etterspørsel i marknaden etter utdanna og velridde fjordhestar, og fleire ynskjer òg å kjøpe unghest som dei kan forme sjølv. Kva bør du vere merksam på når du skal kjøpe din framtidige brukshest?

    Før du kjøper ny hest, bør du tenkje nøye over kva slags hest du vil ha. Kva vil du bruke hesten til? Kva må han kunne frå før, og kva har du ynskje om og kunnskap til å lære han sjølv? Kva slags temperament trivs du best med? Det er viktig å vere realistisk når det gjeld sine eigne kunnskapar og føresetnader, og å bruke tid på å finne den rette hesten. Då har ein større sjanse for å finne ein hest som ein vil trivs med og ha glede av i mange år.

    Ein uerfaren ryttar bør kjøp ein erfaren hest. Utdanninga tek mykje lengre tid dersom både hest og ryttar skal lære samstundes, og ein uerfaren ryttar vil lære mykje meir av å ri ein hest som allereie kan det ein skal trene på. Ein erfaren ryttar kan om ynskjeleg kjøpe ein meir uerfaren hest. Mange vil gjerne utdanne hestane sine sjølv for å få dei akkurat slik ein likar dei, og har ein erfaring med å trene opp hestar er det ingenting i vegen med å kjøpe ein urutinert hest. Kanskje vil ein til og med få eit enno betre resultat, då ein i større grad kan forme hesten slik ein sjølv ynskjer.

      For å få eit godt utgangspunkt for ein uerfaren ryttar, bør hesten ein kjøper ligge på eit LB-LA-nivå i dressur; den bør kunne fatte galopp, gå til tøylen i alle gangartar og ligge stabilt i handa. Den bør også vere hoppa med, og den bør vere innkøyrd. Innkøyring er ein prosess som krev både tid og kunnskap, og har ein lite erfaring med køyring frå før bør ein heilt klart kjøpe ein hest som er innkøyrd og trygg framfor vogna. Ein hest mellom seks og ti år er passeleg, då har hesten fått oppleve litt av verda og har nådd eit greitt utdanningsnivå, samstundes som han er ung nok til at ein kan utvikle hesten vidare og ha glede av han i mange år framover.

        Fjordhesten skal kunne brukast til det meste

        Det er stor etterspørsel etter godt utdanna fjordhestar, og det er ikkje alltid like lett å få tak i ein utdanna fjordhest som kanskje også skal fylle andre krav ein har. Eit godt alternativ er å kjøpe ein yngre og meir uerfaren hest og sette den i trening hos ein flink instruktør som kan hjelpe til med å utdanne hesten. Dersom ein har ein hest som er riktig ridd og trena, vil ein få mykje meir ut av hesten sin.

        Fjordhesten er ei allsidig rase, og dei fleste som driv med fjordhest ynskjer ein hest som kan brukast til «alt». Mange andre raser spesialiserer seg på ei grein, og har både ein avlsplan og eit utdanningsprogram som fokuserer på denne eine greina. Sidan fjordhesten vert utdanna parallelt i både dressur, køyring og sprang – og kanskje enno fleire greiner – tek det lengre tid å trene fjordhesten opp på det nivået ein ynskjer å ha han på. For å få ein peikepinn på kvar i utdanninga ein ung fjordhest bør ligge, kan ein sjå på klassene som inngår i BUF-samandraget (Beste Unge Fjordhest) under NM.

          Skal du kjøpe unghest, er det litt andre ting ein bør tenkje på. Ein unghest kan ein til ei viss grad forme sjølv, men det er viktig å undersøkje kva slags lynne hesten har. Hestar oppfører seg ulikt, og «godt lynne» er eit vidt omgrep. Me trivs med ulike hestetypar, og ved å undersøkje korleis unghesten oppfører seg, og gjerne kva slags lynne ein finn i slekta, er det lettare å finne ein hest ein kan trivast med. Det er også viktig at unghesten har eit godt eksteriør og gode rørsler, då dette vil gje hesten føresetnader for å kunne verte ein god brukshest. Eksteriør og rørsler kan du lese meir om i første del i denne artikkelserien.

          Det kan vere lurt å få hjelp når ein skal sjå på ein aktuell hest. Ta gjerne med deg trenar, stalleigar eller ein annan hestekyndig person som kjenner deg og ditt kunnskapsnivå. Dette er spesielt viktig dersom du skal kjøpe din første hest og ikkje har klare preferansar om kva slags hest du vil ha. Har du ikkje moglegheit til å ta med deg nokon, så vis gjerne fram film av hesten til nokon som kan gje deg ei objektiv tilbakemelding.

          Når du finn ein hest som er aktuell for kjøp, bør du få tak i mest mogleg informasjon om hesten. Spør seljar om alt du lurer på, og be om å få handtere hesten i ulike situasjonar. Både når ein skal kjøpe unghest og vaksen hest, bør ein sjå korleis hesten beveger seg laust. Dette kan seie meir om rørslene til hesten enn å sjå han bli ridd, då hesten i stor grad vert påverka av den som rir.

            Det er viktig å finne ein hest du kan trivs med

            Det er kvardagar det er flest av, og du skal handtere hesten i mange andre situasjonar enn frå salen. Undersøk difor korleis hesten er i generell handtering – lei han ein tur, ta han inn frå paddocken, bind han på stallgangen, stell og sal på hesten. Prøv gjerne også å laste hesten, for å sjå korleis han oppfører seg på hengar. Det er vanskeleg å rette opp i andre sine feil, så sørg for at du vel ein hest du vil trivast med i all handtering. Kjøper du ein vaksen hest har du ikkje moglegheit til å forme hesten på same måte som du har med ein unghest, og det er difor viktig at du liker korleis hesten allereie er forma. Dette vil truleg ikkje endre seg mykje hos ein vaksen hest.

            Dersom du finn ein hest du trur du kjem til å trivs med og ynskjer å kjøpe, bør hesten sjekkast grundig av veterinær. Fjordhesten har generelt god helse, men ein bør likevel ta ei bøyeprøve samt utelukke at hesten har plager som spatt eller forkalkingar. Det er også viktig at du får informasjon om hesten si sjukehistorie frå seljar.

            Til slutt må du ikkje gløyme den aller viktigaste faktoren: magefølelsen. Du skal ha ein hest du trivs med, og dersom du ikkje føler kjemi med hesten, spelar det inga rolle kva andre måtte meine. Stol på deg sjølv!

              Dette er andre del i ein artikkelserie om korleis ein skapar ein god brukshest. Artikkelserien er basert på intervju med Ida-Elin R. Sunde. Ida-Elin er 25 år og har mykje erfaring med fjordhest, konkurransar og utdanning. På Stall Sundedalen i Bud utanfor Molde har ho fleire eigne hestar, i tillegg til at ho tek i mot hestar i trening i både riding og køyring. Ho har fagbrev i hestefag, ridelærarutdanning frå Danmark og er utdanna dressurdommar II. Ho rir konkurransar med den andrepremierte hingsten Kuling, som ho har starta dressurklasser opp til Prix St. Georg med. Ida-Elin og Kuling vart greinmeister i dressur under fjordhest-NM 2016, og ho har tidlegare vunne NM junior med hoppa Hagesilja.

               

               

              Share This