Vi treng ferdig utdanna hestar frå dei nasjonale hesterasane å tilby marknaden. Norsk Fjordhestsenter og raseorganisasjonane for dei tre norske hesterasane set difor i gong «Prosjekt Kvalitetshest» – eit forprosjekt på utdanning av unghest. Kan det vere aktuelt for din hest?

Målet med Prosjekt Kvalitetshest er å utdanne trygge kvalitetshestar for nye hesteeigarar og unge brukarar. Ved å la hestane gå igjennom eit kvalitetssikra utdanningsprogram vil ein kunne redusere talet på ulykker med hest og tilby marknaden trygge hestar av nasjonal rase. Dei tre nasjonale hesterasane er særleg godt eigna til utdanningsprosjektet fordi dei frå naturen si side er rusta med eit stødig temperament og god helse.  Føresetnadene for å skape trygge og gode hestar til bruk for born, unge og uerfarne hesteeigarar er veldig gode når ein har ein fjordhest, nordlandshest/lyngshest eller dølahest.

    Dei nasjonale hestesentera er ein god arena for utdanningsprosjektet. Dei har kompetanse og erfaring til å kunne stalle opp og utdanne unge hestar til å verta trygge brukshestar. Det er viktig at hestane er tilpassa den bruken som marknaden i Noreg etterspør.

    Det er gjort mykje arbeid med planar for korleis ei unghestutdanning bør vere med omsyn til alder, innhald, krav til handtering, trenarar m.m., men ein har enno ikkje hatt mogelegheit til å teste dette ut. Gjennom forprosjektet vil ein skaffe meir kunnskap om ressursbruk, økonomi, nytte og praktisk gjennomføring. Ei arbeidsgruppe vil følgje opp prosjektet og hestane som er med.

    Målet med forprosjektet er å hauste erfaringar og dokumentasjon slik at ein står att med utkast til utdanningsløp og det unghestane skal gjennom. Dette gjeld mellom anna dagleg handtering, tilvenning til utstyr, tømmekøyring, innkøyring, innriding m.m. Erfaringane frå forprosjektet vert viktige for å etablere permanent tilbod om utdanning av kvalitetshest

    I forprosjektet vi vi ha to utdanningsperiodar: Frå oktober til ca 15. desember og 15. januar – 15 mars. Det kan vere aktuelt for enkelte hestar å delta i begge periodane avhengig av kva utdanningsmålet er.

      Gunnar Bruland er fagleg ansvarleg for prosjektet

      Gunnar Bruland er fagleg ansvarleg for treningsplanane og Norsk Fjordhestsenter har ansvar for dagleg handtering og oppfølging av dei indiviuelle treningsplanane for kvar hest. Det vil vere god kommunikasjon med eigarane gjennom utdanningsperioden.

      Etter kvar utdanningsperiode vil vi ha ein felles salsdag for hestane i prosjektet. Hestane vert også marknadsført på eiga side med film og bilete undervegs i utdanningsperioden dersom eigaren ønskjer det.

      Deltakarane i forprosjektet betaler berre oppstallingskostnader (2775 kr per mnd, inkl mva), og kostnader til evt skoing og veterinær. Øvrige kostnader i forprosjektet vert dekt av Norsk Fjordhestsenter og støtte frå Hestehjelpskassa.

      Kan dette vere aktuelt for din unghest?

      Søk på vedlagt søknadsskjema innan 15. oktober. Eigarane til hestane som vert plukka ut til prosjektet vert kontakta så snart som råd etter fristen. Dei som ikkje kjem med i fyrste omgang kan vere aktuelle seinare.

      Krav til hestar i pilotprosjektet:
      – Nasjonal rase
      – Hoppe eller vallak
      – Unghest, 2 til 4 år
      – Det er ønskeleg at hestane har vore vist på følskue eller unghestskue

      Alle hestar som skal stallast opp hos Norsk Fjordhestsenter AS skal ha gyldig vaksinasjonsattest. Hestar med lyter (eks. krybbebitt, veving, vindsluking), blir ikkje tatt inn i prosjektet. Vi anbefalar at hestane er forsikra.

      Send inn søknadsskjema til post@norsk-fjordhestsenter.no så snart som råd.
      Kontaktperson ved spørsmål: Magni Hjertenes Flyum, Norsk Fjordhestsenter, tlf 93422756

        Share This