13.-14. januar vil Norges Fjordhestlag saman med Landslaget for nordlandshest/lyngshest og Landslaget for dølehest arrangere eit erfaringsmøte om Skeid på Norsk Hestesenter. I forkant av dette treng me hjelp frå lag som har arrangert Skeid.

Det er laga eit spørjeskjema som ein ynskjer at lokallag som har arrangert Skeid fyl ut og sender inn. Dette er svært viktig i arbeidet med å utvikle Skeid til å verte enno betre for fjordhesten.

Skjemaet finn du HER.
Fyll ut svara direkte i teksten og send til Jenny Johnsen på e-post: johnsen.jenny@gmail.com