Sommareksem er ikkje eit veldig utbreidd problem på fjordhest, men det førekjem med jamne mellomrom. Korleis er det for hestane å leve med denne sjukdommen, og kva kan vi gjere for å hindre at fleire vert sjuke?

Foto: Rita Bjorli

Som de kan lese i artikkelen frå fagrådgjevar Siri Furre, er sommareksem ein genetisk, og difor arveleg, allergisk reaksjon. Det finnast fjordhestar både i Noreg og i utlandet som har sommareksem, men det er eit mykje mindre utbreidd problem hos fjordhesten enn det er hos for eksempel islandshesten. Likevel er dette noko vi må ta på alvor, og vi må gjere det vi kan for å unngå at fleire fjordhestar vert får sommareksem. Fjordhesten er ein relativt liten populasjon, og når det er få hestar som vert avla på er ein spesielt sårbar for at genetiske lidingar spreier seg.

Det står ingenting om sommareksem i avlsplanen for fjordhest, men det er i følgje §18a i «Forskrift om godkjente (reinavla/registrerte) dyr av hestefamilien» forbode å avle på dyr som vidarefører arveanlegg som påverkar fysiske eller mentale funksjoner negativt. Sommareksem fell inn under denne kategorien, og alle som avlar fjordhest må ta ansvar for at dei dyra ein set i avl er friske.

Det varierer frå hest til hest kor råka dei er av sommareksem. Nokre hestar merkar lite eller ingenting så lenge dei vert behandla med insektmiddel, men også for dei hestane som er mildt råka kan eksemen redusere livskvaliteten deira. Ikkje berre er sjølve kløen plagsam, men hestane må kanskje i tillegg stå inne store delar av sommaren, eller stå med dekken når dei er ute. Dekken hindrar rørslefridomen til hestane, og i steikande sol kan det også bli svært varmt under dekkena.

Ingvild Sveen og dottera Frøydis er blant dei som har fjordhest med sommareksem. Dei kjøpte hoppa Frøken Frøydis som føl, og ho viste symptom på sommareksem allereie som åring. Ingvild fortel at dei har brukt mykje tid og pengar på å prøve ut ulike behandlingar for å redusere kløe. Sjølv om noko av dette har fungert til ei viss grad, er hesten framleis plaga med eksemen kvar sommar.

Frøken Frøydis, her to år gammal. Foto: Ingvild N. Sveen

Nokre hestar opplever så alvorleg sommareksem at dei klør av seg både man, hale og pannelugg. Det kan òg oppstå store sår over heile kroppen. For dei hestane som er hardast råka er avliving det einaste alternativet; det er ikkje tilrådeleg av dyrevernsomsyn å la dei leve med slike plager.

For nokre år sidan hadde Rita Bjorli hingsten Tøvin, som utvikla sommareksem som toåring. Den første sommaren var han ikkje så ille angripen, og eksemen vart halde i sjakk med kortison og hyppig vask. Året etter vart det mykje verre, og Rita kan fortelje at hingsten klødde ekstremt mykje og fekk store, opne kjøttsår over heile kroppen. Dyrlegen hennar uttalte at dette var eitt av dei verste tilfella av sommareksem han hadde sett, og Tøvin vart avliva av dyrevernmessige omsyn.

«Ein kjenner seg makteslaus når ein må sjå på at hestar har det så vondt, og ikkje kan gjere noko for å lindre smertene deira», seier Rita. Ho er klar på at ho aldri vil ha hest med sommareksem igjen, fordi det er så vondt å sjå hestar lide slik Tøvin gjorde.

Hingsten Tøvin vart til slutt avliva på grunn av alvorleg sommareksem. Foto: Rita Bjorli

Miljø og klima har mykje og seie for kor vidt sjukdommen slår ut hjå kvar enkelt hest. Det finnast difor hestar som aldri har vist symptom på sommareksem, men som ville ha vore sjuke dersom dei hadde budd ein annan stad i landet. Vi vert neppe heilt kvitt sjukdommen, blant anna fordi desse hestane ikkje vert fanga opp.

Under arbeidet med denne artikkelen var artikkelforfattar i kontakt med mange som har eller har hatt fjordhest med sommareksem. Det som var felles for alle historiene var at folk tykkjer at å eige ein hest med sommareksem er ein vanskeleg situasjon å vere i. Ein prøvar så godt ein kan å hjelpe hesten, men opplever ofte at det ein gjer ikkje fungerer og at hesten har store plager. Det vert også uttrykt frustrasjon over hemmeleghaldet rundt sommareksem. Folk er redde for å fortelje namn og stamme på hestar som har sommareksem, fordi det verkar å vere ei allmenn oppfatning at dette er noko ein teier om. Dersom ein held fram med å hysje ned sjukdommen – og det faktum at det faktisk er arveleg – vil det ta mykje lengre tid før folk forstår kor alvorleg dette er, og kor mykje det påverkar hestane som er råka.

Det er heilt klart at dette er ei viktig sak for fjordhestfolket – vi ynskjer at fjordhesten skal vere ei sunn, frisk og funksjonell rase, og ein fjordhest med sommareksem er ikkje i samsvar med dette målet.