Laurdag arrangerte Trøndelag Fjordhestlag «Barnas Fjordhestdag» i Levanger. Det var ein stor suksess, og både born og vaksne koste seg i fjordhesten sitt selskap denne dagen.

Tekst: Ingvild Rydjord Hansen
Foto: Merethe Varslot Boneng

På Fjordhestdagen fekk ungane og foreldra deira lære meir om fjordhesten og korleis ein handterar hestar på ein trygg måte. Borna fekk børste og stelle hoppa Gråa og følet hennar, Myte. Etterpå fekk alle ri på Gråa, noko som var veldig populært. I tillegg var det bålkos med servering av kaffi og «skeibladkak», noko spesielt foreldra sette pris på.

«Dette skal vere eit lågterskeltilbod, der alle som vil skal kunne få kose seg og verte betre kjent med fjordhesten», seier Merethe Varslot Boneng, sekretær i Trøndelag Fjordhestlag og eigar av hestane som vart nytta under Fjordhestdagen. «Det er viktig for oss at økonomi ikkje skal hindre folk i å delta på slike aktivitetar, og difor var Fjordhestdagen gratis for alle som var med» legg ho til.

Det viktigaste med dagen var at borna skulle ha det kjekt og få gode opplevingar med fjordhesten. Det var òg fokus på tryggleik, og borna fekk lære seg korleis ein handterer og omgår hestar på ein god og sikker måte. Fjordhestlaget hadde hjelmar og sikkerheitsvestar som ungane fekk låne.

Trøndelag Fjordhestlag har planar om å arrangere fleire slike dagar som dette, på stallane til styremedlemmane og andre aktive i laget. «Når aktivitetar skjer lokalt gir dette enno fleire born moglegheit til å delta» seier Boneng.  På Fjordhestdagen delte dei ut infoskriv om Barnas Fjordhestlag og om det lokale fjordhestlaget, i håp om at fleire ynskjer å melde seg inn.

Norges Fjordhestlag har gjennom Barnas Fjordhestlag-satsinga fått over 320 000 kroner i Frifond-midlar. Desse kan lokallaga søke om for å arrangere aktivitetar for born og unge. Det var desse midlane som sørga for at Trøndelag Fjordhestlag kunne arrangere Barnas Fjordhestdag som eit gratis arrangement. Ditt lokallag kan også søke frifondmidlar, og vi har utvida søknadsfristen til 1. desember. Du finn all naudsynt informasjon HER.