Sidan oktober har seks unghestar av dei tre nasjonale hesterasane vore på Norsk Fjordhestsenter til trening. Dei har delteke i eit forprosjekt til «Prosjekt Kvalitetshest», som vart avslutta laurdag med ein sals- og visningsdag der publikum fekk sjå kva hestane har lært desse vekene.

«Prosjekt Kvalitetshest» er eit samarbeid mellom Norges Fjordhestlag, Landslaget for Dølahest, Landslaget for Nordlandshest/Lyngshest og dei tre nasjonale hestesentera. Målet med prosjektet er å utdanne unghestar slik at dei vert meir attraktive salshestar. Då kan ein både frigjere plass hjå oppdrettarane, som kan bedekke hoppene sine på nytt, og ein vil kunne tilby kvalitetshestar til marknaden og forhåpentlegvis få fleire til å velje dei norske hesterasane. Det vil i vinter gjennomførast to utdanningsperioder på Norsk Fjordhestsenter, for å hauste erfaringar om korleis «Prosjekt Kvalitetshest» best kan gjennomførast. Den første utdanningsperioden vart avslutta med ein sals- og visningsdag på Norsk Fjordhestsenter laurdag.

Seks unghestar har delteke i den første utdanningsperioda i forprosjektet, to fjordhestar, ein dølahest og tre nordlandshest/lyngshestar. Dei er i alderen eitt til fem år, og alle har hatt veldig ulikt utgangspunkt og ulike utfordringar. Felles for dei alle er at dei har vist stor framgong i utdanningsperioden. Ben Hjelmervik har hatt ansvaret for den daglege treninga av hestane. Han skryt veldig av dei, og syns dette er ei flott samling unge, norske hestar. Alle hestane har utvikla seg positivt i prosjektperioden, og alle som er gamle nok har vorte anten køyrd eller ridd på.

På visningsdagen vart hestane først slept i ridehallen, slik at publikum fekk sjå rørslene deira. Etterpå vart dei leia igjennom ei miljøløype som bestod av presenning på bakken, bru, bommar, presenningtunell, flagg og paraply. Gunnar Bruland, som er fagleg ansvarleg for prosjektet, orienterte undervegs korleis ein nyttar slike miljøløyper for å vurdere lynnet til unghestane, og korleis ein tolkar reaksjonane til hestane.

Skumring og Brovoldens Storm lause i ridehallen

Sørgards Brumma går fint over presenning

Symra går over brua utan problem

Skumring løftar beina godt over bommane

Gryta Lyngs Venus hadde ingen problem med å gå over brua

Brovoldens Storm i presenningtunellen

Nyhaugs Myrtel er litt skeptisk til flagget, men står fint i ro likevel

Symra er nysgjerrig på kva dette er for noko

Etter ei lita pause for både publikum og hestar fekk unghestane vise fram kva dei har lært i utdanningsperioden. Etter tur vart dei ridd, køyrd eller taumkøyrd. Gunnar Bruland orienterte undervegs om korleis dei har arbeidd med hestane og kva for utfordringar og potensial kvar enkelt hest har. «Poenget med visningsdagen er å vere ærleg om kva hestane kan, slik at ein kan finne ein passande kjøpar» seier Bruland. Gjennom å sjå hestane på visningsdagen får ein også eit innblikk i korleis dei har vorte trena og handtert i utdanningsperioden, noko som gir tryggheit for kjøpar.

Skumring vert taumkøyrd. Han har også gått med lause drag.

Sørgards Brumma vart både ridd og køyrd på visningsdagen

Nyhaugs Myrtel trivs i vogna

Brovoldens Storm trivs med ryttar på ryggen. Han har vorte ridd utan leiar, men hadde leiar på visningsdagen på grunn av sikkerheita.

Gryta Lyngs Venus var kun leietemd då ho kom til prosjektet. No vert ho køyrd.

Symra med bøyledrag.

 

Dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter, Magni Hjertenes Flyum, er veldig nøgd med gjennomføringa av den første sals- og visningsdagen. «Vi fekk vist fram både dei flotte hestane, og ikkje minst korleis vi jobbar med unghest i prosjektet. Vi gler oss til å ta i mot ei ny pulje etter jul» seier ho.

 

Symra, Gunnar Bruland og eigar Sjur Tarjei Fykse.

Sjur Tarjei Fykse er ein av dei som har hatt hest med i den første prosjektperioden. Han eig toårshoppa Symra, som han meldte på fordi han følte tida og kunnskapen ikkje strakk til for å gjere ho klar til å seljast. «Å få erfarne folk til å trene og vurdere hesten på denne måten var ei unik moglegheit, så eg var svært glad for at dette prosjektet dukka opp då eg bestemte meg for å selje» seier han. Fykse tykkjer Symra har vist stor framgong i prosjektet, og sjølv om ho kunne ein del før ho kom ser han tydeleg at ho har forbetra seg på fleire område. Blant anna har ho vorte mykje meir lydig. Som eit resultat av deltakinga i prosjektet har det meldt seg interesserte kjøparar på Symra, noko Fykse er særs nøgd med. «Eg meldte ho på fordi eg bestemte meg for å selje ho, og då er det svært kjekt at prosjektet har ført til at ho reiser til ein ny heim» seier han.

«Fordelen med å kjøpe hest igjennom dette prosjektet er at ein får folk med lang erfaring med unghest til å vurdere hesten» seier Gunnar Bruland. «Gjennom å kartlegge hestane sine eigenskapar og sjå dei i mange ulike situasjonar kan vi fortelje folk veldig mykje om kvar enkelt hest, og hjelpe til med å finne ein hest som passar til akkurat deira bruk». Dei som kjøper hest i prosjektet vil få rettleiing på korleis dei bør gå vidare i utdanninga.

Neste utdanningsperiode startar 15. januar, og det er framleis ikkje for seint å søke om å få med sin hest. Du finn meir informasjon her. Ynskjer du å lese meir om hestane som har vore med på prosjektet finn du presentasjonar av dei her.