Mange opplever at hoppa deira ikkje blir drektig når ho har vore hos hingst. Dette kan skuldast både feil hos hoppe og hingst, arvelege defektar eller sjukdom og infeksjonar.

av Ingvild Rydjord Hansen

Dette er tredje del i ein artikkelserie om bedekning og drektigheit. Del 1 – «Status for fjordhesten» kan du lese her. Del 2 «Korleis få føl i hoppa?» kan du lese her.

Norges Fjordhestlag og Norsk Fjordhestsenter inviterte i april til fagsamling om betre drektigheit på hest. Målet er å auke kunnskapen om avl blant oppdrettarar av fjordhest, slik at ein forhåpentlegvis aukar talet på fødde føl i populasjonen. På fagsamlinga deltok Caroline S. Haadem, veterinær ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU). Ho har tillleggsutdanning på reproduksjon på hest, og har arbeidd med reproduksjonsarbeid på hest i Noreg, Sverige, Argentina og USA.

«Mange opplever dessverre at hoppa deira ikkje blir drektig når ho har vore til hingst» seier Haadem. «Sjølv om ein gjer alt riktig i førebuinga av både hingst og hoppe kan ein ha problem med å få føl i hoppa. Då er det viktig å undersøke kva dette kan skuldast, slik at ein forhåpentlegvis kan gjere noko med grunnen til problemet.»

Fertilitetsomgrep

Når vi snakkar om fertilitet brukar vi mange ulike omgrep for måling av fruktbarheit. Vi snakkar ofte om følprosent, fordi det er det at bedekninga resulterer i eit levande føl som er det viktigaste for dei fleste. Eit anna omgrep som vert nytta er konsepsjonsrate eller fruktbarheitsrate. Dette fortel oss noko om kor mange av dei egga som får moglegheit til å møte ein spermie som vert befrukta.

Dersom ein treff på tidspunktet, er konsepsjonsraten høg. Studiar frå utlandet viser at den ligg på mellom 80 og 90% hos hest. Både drektigheitsprosenten, altså kor mange av hoppene som vert drektige, og følprosenten, kor mange føl som vert fødd, er lågare enn dette. Det skjer mykje etter at egget vert befrukta som kan ha stor innverknad på kor vidt hoppa får føl eller ikkje.

Faktorar ved hingsten kan påverke drektigheita

Ein hingst kan ha låg fertilitet, anten forbigåande eller permanent. Det er veldig sjeldan at ein hingst er steril, men skader kan føre til at hingsten har låg fertilitet over tid. «Det tek mellom 59 og 97 dagar for ein spermie å utvikle seg til å bli klar til å befrukte eit egg» seier Haadem. «Dersom hingsten har vore utsett for skade, kan han ha problem med å gjere ei hoppe drektig i vekevis etter dette, fram til spermiane får bygd seg opp att». Låg fertilitet hos hingsten er likevel sjeldan grunnen til at ei hoppe ikkje vert drektig.

Hingsten kan også ha ein sjukdom eller skader som gjer det vanskeleg eller smertefullt å bedekke. Døme på dette er haltheit, ryggsmerter eller infeksjonar i kjønnsorgana. Godarta beskjelarsjuke (EHV-3) er ein infeksjon som gjer det vondt for hingsten å pare hoppa. «Sjølv om viruset i seg sjølv ikkje gir lågare fertilitet, vil det kunne slå ut på drektigheitsprosenten fordi det er smertefullt for hingsten å bedekke» seier Haadem.

Fruktbarheit endrar seg med alder

Hestar vert kjønnsmodne i løpet av det året dei fyller eitt år. Vi bedekker ikkje fjordhopper før dei er tre år, og treng difor ikkje tenkje på at hoppene ikkje har kome i puberteten enno når vi skal bedekke. Det er mykje viktigare å sjå på alder den andre vegen, då eldre hopper ofte har dårlegare fruktbarheit enn dei unge.

Om hoppa har hatt føl før eller ikkje spelar også inn på fruktbarheita. «Ei ung førstegongshoppe har som regel god fertilitet, men den er generelt lågare hos ei eldre hoppe som aldri har hatt føl» seier Haadem. Er hoppa gammal, men har hatt føl som ung, er fertiliteten betre enn om ho er gammal men  ikkje har hatt føl før. «Å bedekke eldre førstegongshopper kan krevje meir oppfølging og fleire syklusar for å få hoppa drektig» legg Haadem til.

Ei hoppe som har gått open, altså ikkje blitt bedekt, i nokre sesongar, har i utgangspunktet lettare for å bli drektig enn ei som har blitt bedekt men ikkje tatt seg. Om hoppa har føl ved fot kan også påverke fertiliteten, men den er jamt over god på følhopper.

«Bedekker ein på følbrunsten kan ein ha litt lågare fertilitet enn elles, men om hoppa har hatt ei ukomplisert følling og gjort seg rein i ettertid, og eggløysinga kjem på riktig tidspunkt, skal det gå heilt fint å få føl i hoppa også på følbrunsten» seier Haadem.

Stress kan påverke hoppa

Også miljøfaktorar kan påverke kor lett det er å få hoppa drektig. «Hoppene kan bli stressa av å kome til ein ny plass, av sjølve bedekningssituasjonen eller transporten heim» seier Haadem. «Stress, fôring og haldet til hoppa kan alt påverke kor lett det er å få føl i ho. Veldig ofte er det ein kombinasjon av mange faktorar som gjer at hoppa ikkje tek seg» legg ho til.

Kvar vi er i sesongen har mykje å seie for brunstane til hoppa. Ofte har hoppene kortare og meir uregelbundne brunstar i starten av sesongen, medan dei er lengre og kjem meir regelmessig lengre ut på sommaren når det har vorte varmt i vêret. Oftast har hoppene eggløysing i slutten av brunsten, men det kan skje at eggløysinga kjem tidlegare også. Det kan vere ein fordel å vente til ein har stabile og gode brunstar, i staden for å bedekke hoppene veldig tidleg.

Tilstandar hos hoppa

Det finns fleire faktorar ved som kan påverke hoppa sin sjanse for å verte drektig. Hoppa kan ha ein anatomi som gjer det vanskelegare reint fysisk. «På fullblods ser vi ofte høgt ansatte kryss, som gjer at anus kjem langt inn og dreg opp heile vulva» seier Haadem «Ideelt sett skal vulva henge litt nedom bekkenbunnen, då det gjer det enklare for hoppa å reinse seg. Tyngdekrafta må vere med på å hjelpe til, men då må hoppa vere skapt slik at forureininga forsvinn ut av ho og ikkje lengre inn i kroppen når ho reinsar seg» fortel ho.

Haadem fortel også om ein tilstand dei kaller urovagina. «Dette kan skje dersom hoppa har eit bekken som tippar litt framover. Då vil livmora bli større og henge litt meir inn i buken, og urin kan kome inn og forureine i vagina» seier ho.

I avlen må ein ha fokus på å avle hestar med eksteriøre trekk som ikkje går ut over fruktbarheita deira. «Dette er heldigvis ikkje eit problem for fjordhesten som rase, men ein kan sjå det på enkeltindivid» seier Haadem.

Feil under eggløysinga

Ovulasjonsfeil er feil med sjølve eggløysinga, som til dømes blodsamling i eggstokkane, svulst eller cyster. Cyster på eggstokkane som kan føre til dårleg fertilitet er veldig sjeldan på hest. Cyster i livmora er derimot meir vanleg. På ein ultralyd kan dette sjå ut som ei drektigheit, og det er vanskeleg å sjå skilnad dersom ein ikkje har tatt ultralyd før hoppa var para.

«Cyster kan utvikle seg på eldre hopper, og bli så store at dei kan hindre fosterblæra i å nå delar av livmora» seier Haadem. «Det kan også føre til mindre kontaktflate mellom fosterhinna og livmorveggen seinare i drektigheita.»

Nokre gongar kan egget blir ståande i eggleiaren fordi hoppa ikkje slepp det. Dette heiter PAF – persisterande anovulatorisk folikkel. På kyr vert dette kalla cyste, og er mykje snakka om. «Det er ein stor skilnad på slike folliklar på ku og hest. På kyr vil desse svare på hormonbehandling, men det vil dei ikkje gjere på hest» seier Haadem.

Embryodød

Vi snakkar om embryodød når embryoet døyr før vi har moglegheit til å drektigheitsundersøke hoppa. Abort snakkar vi om etter at embryoet har blitt eit foster og alle organsystema er på plass.

Nokre gongar kan egget til hoppa bli befrukta, men embryoet døyr før det har vorte eit foster. Dette kan det vere fleire grunnar til. «Det kan vere feil med sjølve embryoet, som gjer at det rett og slett ikkje er liv laga» seier Haadem. Eksempel er kromosomfeil eller utviklingsfeil i embryoet.

Det kan også vere miljøorsakar som gjer at embryoet ikkje får utvikle seg. «Stress har mykje å seie for fruktbarheit. Når dyra er stressa skil dei ut eit hormon som heiter kortisol. Det er ulikt kva som stresser individet, og ein bør passe på å unngå stress i tida rett etter paring» seier Haadem.

Når hoppa ikkje er i brunst skil ho ut eit hormon som heiter progesteron. Dersom embryoet ikkje fortel hoppa at det «er der», slik at hoppa hormonelt ikkje veit at ho er drektig, kan dette føre til at embryoet døyr.

Endometritt

Det innerste laget av livmora vert kalla endometriet. Fosterhinna kjem i kontakt med endometriet ca. 16-17 dagar etter paring, og det er dette som er kontaktflata mellom hoppe og følet under heile drektigheita.

«Alle hopper har ein reaksjon i livmora etter semin eller bedekning» fortel Haadem. «Dersom hoppa ikkje klarer å kvitte seg med forureininga etter bedekning, kan ho få ein inflammasjonsreaksjon i livmora som heiter endometritt.»

Endometritt kan vere akutt eller kronisk, og den kan vere fororsaka av ein sopp eller ein bakterie. Nokre gongar ser ein ingen grunn til at endometritt oppstår, ein oppdagar berre betennelsesceller og væskeansamlingar i livmora. «Det er viktig å finne ut om endometritten skuldast ein infeksjon eller ikkje, då det er avgjerande for å unne gi korrekt behandling» seier Haadem.

Diagnostisering av endometritt gjer ein gjennom gynekologisk undersøking med ultralyd og prøve frå slimhinna i livmora. På ultralyd ser ein etter væske, og i slimhinnene ser ein etter betennelsesceller, bakteriar og sopp. Desse undersøkingane vil gje eit nærare svar på kva slags behandling hoppa skal ha.

«Endometritt kan vere veldig enkelt å behandle. I korte trekk må ein skylle hoppa for å hjelpe til med å fjerne forureining, og etterpå må ein sørge for at drenasjen er god». Mange hopper blir friske av livmorskylling samt tilførsel av eit hormon som hjelper til med samantrekningane i livmora. Nokre vil også trenge tilførsel av antibiotika.

Endometritt er ein vanleg orsak til at hoppa ikkje vert drektig. «Dersom ein veit at ein har gjort alt riktig med tanke på bedekningstidspunkt, og ein er sikker på at hoppa har hatt eggløysing, kan det vere endometritt som er grunnen til at ho ikkje vert drektig» seier Haadem. «Nokre hopper er meir utsett for dette enn andre, men det kan oppstå uansett om hoppa har hatt fleire uproblematiske drektigheiter bak seg.»

Hoppene må følgast opp

Det er mange tilstandar ved både hoppe og hingst som kan føre til at ei hoppe ikkje vert drektig etter ei paring. Som hoppeeigar kan ein ikkje berre sende frå seg hoppa og forvente at ho skal kome heim drektig – hoppa må følgast opp både før og etter paringa.

«Dersom ein opplever at hoppa ikkje tek seg sjølv om ein har gjort alt riktig i forkant av ei paring, bør ein rådføre seg med ein veterinær» tilrår Haadem. «Mange av dei tilstandane som er nemnde her kan behandlast på ein enkel måte, og slik auke sjansane for at ein ender opp med eit velskapt føl.»