Linda Rognø driv Hestegarden i Sande i Sunnfjord

I Sande i Sunnfjord har Linda Rognø skapt Hestegarden – ein stad der menneske med ulike utfordringar i livet kan få møte hestar i trygge omgjevnadar.

 av Ingvild Rydjord Hansen

Dette er andre del i serien «Hesten som terapeut».
Første del kan du lese her: I særstilling som helsefremjar

På ein gard i den vesle bygda Sande i Sunnfjord held Linda Rognø til. Her har ho skapt sin eigen arbeidsplass, der ho gir tilbod om hesteassisterte aktivitetar til menneske med ulike utfordringar.

Linda er blant anna utdanna bioningeniør, men gjennom jobben sin i Stiftelsen Bergensklinikkene fekk ho arbeide med menneske med rusproblem og psykiske lidingar.  I tillegg jobba ho med terapiriding i lag med fysioterapeut for Hordaland Fylkeskommune. Ved fleire tilfelle fekk ho sjå kor god effekt det å vere kring hestar hadde på brukarane, og såg behovet for tilbod med hest der fokuset var på ressursane til brukarane, ikkje berre problema.

Linda har tatt mange kurs gjennom foreininga Hest og helse om bruk av hesten i psykiatri og sosialt helsearbeid, samt utdanninga Dyreassisterte intervensjonar og påbygginga Hesteassisterte intervensjonar på NMBU.

For ti år sidan kjøpte Linda garden der ho no bur og arbeider, og draumen om å kunne arbeide med samspelet mellom hest og menneskje på heiltid vart oppfylt gjennom bedrifta Hestegarden.

På Hestegarden fekk Linda oppfylt draumen sin om å arbeide med samspelet mellom hest og menneske

Drifta på Hestegarden

Hestegarden er ein Inn på tunet-gard. Inn på tunet er ei samling bedrifter i Noreg som driv med tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. For å verte godkjent som Inn på tunet-gard må ein fylle ei rekke kriterium som sikrar at tenestene ein tilbyr vert gitt på ein trygg måte. Målet med Inn på tunet er å bidra positivt til helse, utvikling og trivsel for brukarane.

Som ein Inn på tunet-gard er aktivitetane på Hestegarden prega av dei daglege rutinane på garden, tilrettelagd for brukarane som kjem dit. Dei ulike brukarane har ulike tilbod, og dagane vert lagt opp deretter.

På Hestegarden har dei brukarar med ulike utfordringar. Oppdragsgjevarane er etatane i ulike kommunar, slik som helse- og sosialtenesta, barnevern, psykiatritenesta, skulesektoren eller NAV. Brukarane er i alle aldrar, og dei har alle ulike utfordringar og utgangspunkt. Felles for alle er at sjølv om dei har utfordringar i livet sitt, treng dei å bli sett på som heile menneske med dei same behova som alle andre. Ein meiningsfull kvardag med meistringsopplevingar, sosialt samvær og nokon som har bruk for deg er viktig. «Hesten har ein utruleg evne til å skape kontakt og få fram det beste i oss. Stallen som meistringsarena er unik» seier Linda.

I tillegg til Linda jobbar det ein hovslagar, ein spesialpedagog og ein sosialarbeidar ved Hestegarden. Ein dag i veka kjem ein fysioterapeut til garden og tilbyr ridefysioterapi. Aktivitetane skjer i små grupper, og stort sett arbeider dei ein til ein – og med hesten, så klart.

Dei ulike brukarane på Hestegarden har ulike tilbod, og dagane vert lagt opp deretter.

Hesten sin effekt på menneske

Linda har fleire ulike dyr på garden, slik som ender, geiter og kaniner, og dei har alle sin verdi og sitt bruksområde. Ho er likevel klar å at hesten er heilt spesiell i dette arbeidet. «Hesten er eit sensitivt og sosialt flokkdyr som skaper vennskap, og har evne til å knytte seg til andre, også menneske» seier ho. «Ønsket om å vere hesten sin ven og meistre arbeidet rundt den motiverer brukaren til å jobbe med det som er vanskeleg.»

Når ein kjem i stallen og møter ein hest, treng ein ikkje tenkje på status, utsjånad eller historia si. Hesten bryr seg ikkje om slikt – den møter kvar enkelt tillitsfullt og med eit ope sinn.

«Hesten kan lære oss mykje både om våre eigne kjensler, om kommunikasjon og korleis vi skal vere rundt kvarandre» fortel Linda. «Den oppfattar våre kjensler og emosjonar, og gir ærlege og umiddelbare tilbakemeldingar.»

Må eksistere i augneblinken

For mange med psykiske utfordringar kan det vere vanskeleg å vere til stade her og no. Det er lett å anten grue seg til ting som skal skje, eller vere redd for ting ein har opplevd før. Men hesten, den lev berre i augneblinken, utan tanke for verken for- eller framtida. «For å kunne vere trygg i samvær med hesten og å klare å kommunisere med den, må mennesket også eksistere i augneblinken» fortel Linda. «Ein må vere roleg og merksamt til stade, og observant på sitt eige kroppsspråk.»

I arbeidet med brukarane speler hesten ei viktig og aktiv rolle. «Kvar hest er eit sjølvstendig individ med sin eigen personlegdom, og naturen til hesten må respekterast, slik at han føler seg komfortabel med oppgåva han får» seier Linda. «Mennesket har og ei sterk trong til sosial interaksjon, og dette kan spele ei rolle i det sterke bandet menneske kan føle for dyr, og dekke delar av trongen for vennskap og sosial støtte. Relasjonane til aktivitetsleiaren og arbeidsfellesskapen på garden er naturlegvis også viktig.»

Saman med hesten må brukaren vere roleg og merksamt til stade, og observant på sitt eige kroppsspråk.

Fjordhesten er godt egna

Sjølv om dei fleste hestar kan ha positiv innverknad på ulike brukarar, er det viktig å velje ut dei rette individa til eit slikt arbeid. Hestane som er med på ein inn på tunet-gard eller i ridefysioterapi må vere rolege og tillitsfulle, og dei må godta ulike menneske utan å bli stressa. «Hesten er ein medarbeidar, ikkje eit reiskap vi brukar» seier Linda «Vi må ta omsyn til hestens natur og instinkt, og respektere behova og personlegdomen til kvar enkelt hest. Det er viktig for at brukaren og skal lære å respektere og ta omsyn til seg sjølv og andre.»

Etter å ha arbeidd med dette i mange år, har Linda kome fram til ein rase som passar svært godt til arbeidet – fjordhesten. «Fjordhesten er generelt sett venleg, sosial og toler ulik bruk og ulike mennesketypar» seier ho.

På Hestegarden har dei for tida fire flotte fjordhestar. Tre av dei har vore aktive konkurransehestar som har både delteke og plukka premiar på NM. Hestane er Myrimann Nordgard, Tyssblakka, Nesviks Liana og Højgaards Iwana.

Myrimann Nordgard er ein av fire fjordhestar på Hestegarden

I tillegg til fjordhestane har Linda ein liten flokk med amerikanske miniatyrhestar. «Dei har mange av dei same eigenskapane som fjordhesten, men har ein heilt annan storleik» seier Linda. Sjølv om dei ikkje kan ris på, har storleiken også enkelte fordelar. «Absolutt alle kan handtere desse åleine, og det betyr mykje for meistringskjensla. Eg kan også ta med deltakarar inn i flokken utan å vere uroleg for uheldige hendingar som kan oppstå med større hestar.»

Linda har ein liten flokk med amerikanske miniatyrhestar på garden. Her ser vi dei to hingstane hennar.

Ønsker at fleire skal få eit tilbod

Aktivitetar med hest på Inn på tunet-gardar har endra liva til fleire brukarar og deira pårørande, men det er i følge Linda nærast umogleg å få midlar til denne typen aktivitet og behandling. «Samfunnet nyttar store summar på innleggingar, samtaleterapi, medisinering og anna oppfølging, men det finns sjeldan midlar for å få vere saman med hesten eit par timar i veka – sjølv om vi ser at det har enorm effekt på mange» seier ho.

Linda og andre Inn på tunet-tilbydarar ønskjer at det offentlege skal verte bevisst på kva ressursar det ligg i mange av dei eksisterande Inn på tunet-tilboda. Ho meiner at dersom fleire fekk tilbod om aktivitetar med hest som ein del av helsefremjande arbeid, ville dette få enorme samfunnsøkonomiske konsekvensar. «Arbeidet og aktivitetane med hest på garden kan ha ringverknader langt utover tida her. Aktivitetar med hest kan gje motivasjon til å halde ut og fullføre skulegang, eller vere ein lågterskelveg til eller tilbake til arbeidslivet» seier Linda. I tillegg vil ein også kunne unngå eller forkorte lengda på sjukmeldingar og trygdeytingar, meiner ho.

Betre livskvalitet

Aktivitetar med hest kan betre livskvalitet både hos brukaren og dei pårørande. Mange rapporterer også om mindre behov for anna behandling, slik som medisinering mot uro, søvnproblem og angst, samt innleggingar i psykisk helsevern.

Nokre av vinstane ved eit tilbod som det Linda har på Hestegarden kan brukaren hauste med ein gong – slik som glede, trivsel og meistring. Andre kan det ta lengre tid å nå, fordi det tek tid for menneske å endre åtferd og tankemønster. «Vår oppgåve er å legge til rette for aktivitet, bruke kunnskapen vår og la brukaren få akkurat den tida han eller ho treng» avsluttar Linda.