Leah Andersen Thrane fekk i helga høve til å ri for sitt ryttaridol Carl Hedin under sjølvaste Kingsland Oslo Horse Show i Telenor Arena. «Dette var ei fantastisk oppleving!» seier ei nøgd Leah.

Tekst: Ingvild Rydjord Hansen Foto: Helene Gjerde Aamdal 

Då det vart kjent at den svenske dressurryttaren Carl Hedin skulle kome til Kingsland Oslo Horse Show, vart det lyst ut ein konkurranse der det var mogleg å vinne rideplass på clinicen hans. Vinnar av denne konkurransen var tjue år gamle Leah Andersen Thrane og fjordhoppa Lykkes Saga.

Carl Hedin er svært populær på Instagram, og har 334 000 følgjarar. (Foto: Helene Gjerde Aamdal)

Leah ser veldig opp til Carl Hedin, og var veldig glad for at han plukka ut nettopp ho og Saga til clinicen, som fann stad sist laurdag. I etterkant fortel Leah at ho fekk alle sine forventningar innfridd. «Dette var ei fantastisk oppleving, og eg er så glad for at eg fekk denne moglegheita» seier ho.

På dagen for clinicen var det lagt opp til ei morgontrening der Leah fekk møte Carl for å gå igjennom kva dei skulle arbeide med. «På morgontreninga fekk eg litt praktisk informasjon om korleis clinicen skulle foregå, og så bestemte vi oss for kva slags øvingar vi skulle fokusere på når eg rei» fortel ho.

Då ettermiddagen kom var det endeleg klart for sjølve clinicen, som starta med at Carl underviste Leah og Saga, før han rei sin eigen topphest «Ville».

 

Under morgontreninga hadde Carl og Leah avtalt at dei skulle fokusere på galopparbeid, og Leah fortel at dei rakk å arbeide med mykje på det kvarteret ho og Saga var inne i arenaen. «Vi arbeidde ein del med tempovekslingar i galopp der vi rei aukingar på langsida og samling på kortsida, samt med versader for å få innvendig bakbein meir inn under hesten.» Leah fortel at Saga gjekk veldig bra på slutten av økta, og at dei fekk vist at dei fekk dei ønska resultata ved å gjere som Carl instruerte dei til.

Sjølv om dei arbeidde med konkrete dressurøvingar, seier Leah at det var noko meir underliggande dei eigentleg jobba med. «Carl snakka mykje om fokus under økta, kor viktig det er at du har fokus på hesten dersom du skal få den til å gjere som du vil» fortel ho. «Dersom du forventer at hesten skal høyre på deg, må du ha fokuset på hesten og ikkje på alt som skjer rundt. Dette gjeld uansett kva du held på med, om det er dressurriding slik som her, eller i anna trening og kontakt med hesten.»

Clinicen hadde fleire hundre tilskodarar (Foto: Helene Gjerde Aamdal)

Møtet med rytteridolet vart ei særs positiv oppleving for Leah. «Carl var ein flott instruktør å ri for, han er veldig hyggelig og uhøgtideleg, nettopp slik eg hadde sett føre meg at han skulle vere.»

Sjølv om dei rei i ein stor arena med mykje publikum og for ein kjent dressurryttar, var ikkje Leah nervøs verken før eller under clinicen. «Eg vart tatt veldig godt i mot av både Carl og dei som arbeidde der, og det gjorde at eg kjende meg trygg heile vegen» seier ho.

I etterkant av opptredenen i Telenor Arena har Leah fått mange positive tilbakemeldingar frå både publikum og folk som følger ho på Instagram. Mange har kommentert at det var moro å sjå fjordhesten i ein slik setting. «Det er veldig moro å få så mange fine kommentarar, både frå Carl på at eg har ein flott hest, og frå folk som har sett oss eller sett bilete frå cilinicen» seier Leah.

No er Leah og Saga tilbake i kvardagen utanfor rampelyset. Leah fortel at ho vil ta med seg dei gode råda frå clinicen og all inspirasjonen dette gav, vidare i dressurarbeidet. Ho har eit mål om å ta med seg Saga til Fjordhest-EM i Danmark neste sommar, og då er det ikkje feil å ha med seg gode råd frå ein verdskjent dressurryttar i bagasjen.

Foto: Helene Gjerde Aamdal

Foto: Helene Gjerde Aamdal

Foto: Helene Gjerde Aamdal

Foto: Helene Gjerde Aamdal