
Premieliste frå hingsteutstillinga
Årets hingsteutstiling er over, og det har vore ein fantastisk fjordhestfest. Kvaliteten på dei viste hingstane har vore høg, og fjordhesten har fått åtte premierte hingstar og ti nykåra hingstar.
Årets hingsteutstiling er over, og det har vore ein fantastisk fjordhestfest. Kvaliteten på dei viste hingstane har vore høg, og fjordhesten har fått åtte premierte hingstar og ti nykåra hingstar.
Alle dei ukåra hingstane gjennomførte fredag sine obligatoriske køyreprøver.
Norges Fjordhestlag har valt å gi årets marknadsføringspris til Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid. Prisen vart delt ut under utstillingsmiddagen på Nordfjord Hotell fredag.
Oppdrettarprisen for 2017 vart delt ut under utstillingsmiddagen på Nordfjord hotell fredag. Vinnar av den gjeve prisen er Vidar og Jorunn Heggheim.
Utstillarprisen 2017 vart delt ut under utstillingsmiddagen på Nordfjord hotell fredag. Vinnar av den gjeve prisen er Even Myklebust.