av Ingvild Rydjord Hansen | apr 22, 2018 | Hingsteutstillinga |
Norges Fjordhestlag, Nordfjord Fjordhestlag v/utstillingsnemnda og Norsk Fjordhestsenter ynskjer alle varmt velkomne til hingsteutstillinga 1. – 5. mai 2018 på Nordfjordeid. Det er meldt 30 hingstar, og vi ser fram til ei flott utstilling.
av Ingvild Rydjord Hansen | apr 21, 2018 | Siste fjordhestnytt |
Årets første fjordhestføl kom til verda på Nordfjordeid fredag 20. april, då andrepremiehoppa Herborg fekk eit velskapt hoppeføl. Hoppa, som er Herborg sitt sjette føl, er det første følet etter Birkelid Nimo.
av Ingvild Rydjord Hansen | apr 12, 2018 | Siste fjordhestnytt |
Vil du vite meir om kva andre med fjordhest fyller kvardagane sine med? På snapchatkontoen «Fjordhestglede» kan du sjå glimt frå andre sitt fjordhestliv.
av Ingvild Rydjord Hansen | apr 8, 2018 | Hingsteutstillinga |
Norges Fjordhestlag og utstillingsnemnda for hingsteutstillinga vil i år prøve ut noko heilt nytt – ei showklasse for toårshingstar under hingsteutstillinga. Dette er ei flott moglegheit for unghesteigarane å få ein forsmak på hingsteutstillinga, og for publikum til å sjå ei samling flotte, unge hingstar.
av Ingvild Rydjord Hansen | apr 7, 2018 | Fjordhestfolk |
I eit distrikt som er mest kjent for andre hesterasar gjer Ingeborg Morstøl og resten av familien stor suksess med fjordhest på Stall Moa. Her gir dei både unge og vaksne gode opplevingar med fjordhest, og stadig fleire i området får augo opp for fjordhesten og dei fantastiske eigenskapane hans.