av Ingvild Rydjord Hansen | mar 16, 2018 | Siste fjordhestnytt |
I desse dagar kan medlemmer i Norges Fjordhestlag finne medlemsbladet «Fjordhesten» i postkassa si. I årets første nummer kan du mellom anna lese reportasje frå Rørosmartnan, samt årsmelding frå organisasjonen sitt arbeid og arrangement i 2017.
av Ingvild Rydjord Hansen | mar 15, 2018 | Prosjekt Kvalitetshest, Siste fjordhestnytt |
Andre del av forprosjektet til «Prosjekt Kvalitetshest» foregår på Norsk Fjordhestsenter i desse dagar. Til helga er det klart for visnings- og salsdag, der potensielle kjøparar og andre interesserte kan komme og sjå kva hestane har lært i treningsperioden.
av Ingvild Rydjord Hansen | mar 14, 2018 | Siste fjordhestnytt, Skeid |
I forbindelse med at reglement og dømmeskjema for Skeid nå er standardisert har landslagene for de norske rasene opprettet en egen nettside for å sikre at god informasjon når ut til dere som skal arrangere eller starte Skeid.
av Ingvild Rydjord Hansen | feb 19, 2018 | Fjordhestfolk, Siste fjordhestnytt |
Det var heilt tilfeldig at Line Torrissen Carlsen enda opp med ein fjordhest då ho kjøpte sin første hest som fjortenåring. Ikkje ante ho at dette var starten på eit fjordhesteventyr som ville prege livet hennar. No trenar ho fram sin andre hingst mot utvida bruksprøver på Nordfjordeid.
av Ingvild Rydjord Hansen | feb 11, 2018 | Siste fjordhestnytt |
Laurdag vart det arrangert Skeid på Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid. Mange fekk si aller første erfaring med Skeid, og deltakarane var veldig positive til denne nye konkurranseforma.
av Ingvild Rydjord Hansen | feb 9, 2018 | Siste fjordhestnytt |
Skeid er noko så fantastisk som ei heilt eiga konkurranseform tilpassa eigenskapane til dei nasjonale hesterasane fjordhest, dølahest og nordlandshest/lyngshest. Etter mykje arbeid ligg det no føre eit reglement for Skeid, og det er berre for lokallaga å setje i gong å arrangere.