Norsk Fjordhestsenter

Nasjonalt kompetansesenter for fjordhest

AS Norsk Fjordhestsenter er det nasjonale senteret for Norges nasjonalsymbol – Fjordhesten – og det er ikkje tilfeldig at det er lagt til Nordfjordeid. 

Nordfjordeid blir kalla fjordhestens Mekka. Årsaken er historisk, med dei lange og gode hestetradisjonane som bygda er kjent for. Det har vore arrangert hingsteutstilling her sidan 1886, Norges Fjordhestlag si jubileumsutstilling i 1999 samla tilreisande frå elleve land og tre kontinent! Det er i dette tradisjonsrike hestemiljøet at Norsk Fjordhestsenter er plassert. 

Norsk Fjordhestsenter er eit ressurssenter for fjordhesten, med informasjons- og rådgivingsteneste for alle forhold rundt denne heilnorske hesten. Ei av hovudoppgåvene er å fremje avl og bruk av fjordingen. Det er også stor kursaktivitet ved senteret året gjennom. 

Eigarar / organisasjon 
AS Norsk Fjordhestsenter vart oppretta i 1989 ved at Eid kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norges Fjordhestlag overtok eit privat anlegg. Mykje av ansvaret for marknadsføring og bruksutvikling er lagt til senteret. Norsk Hestesenter og Landbruksdepartementet er derfor viktige medspelarar. Vi har også eit nært samarbeide med Fjord Horse International (FHI), som har formidling (sal) og promotering av fjordhesten utanlands som primæroppgåve. FHI har kontor ved Norsk Fjordhestsenter. 

Tilsette: 

Magni Hjertenes Flyum 100 % stilling dagleg leiar
Asle Espe 100 % stilling stallansvarleg, organisasjonssekretær i NFL
Anne-Karin Telvik 60% stilling kontor
Øystein Høvig 100 % stilling, vaktmeister
Velkomen til høstmøte 21.-23. oktober

Velkomen til høstmøte 21.-23. oktober

21.-23. oktober har tiden kommet for årets høstmøte. Det er lagt opp til en spennende helg med mye praktisk rettede sesjoner krydret, med lett teori. Som alltid er fremtiden til vår kjære fjordhest i fokus, samtidig som vi ønsker å gi fjordhestfolket god tid til å...

Siste nytt fra Norsk fjordhestsenter: