Skeid er noko så fantastisk som ei heilt eiga konkurranseform tilpassa eigenskapane til dei nasjonale hesterasane fjordhest, dølahest og nordlandshest/lyngshest. Etter mykje arbeid ligg det no føre eit reglement for Skeid, og det er berre for lokallaga å setje i gong å arrangere.

Av Ingvild Rydjord Hansen

På grunn av dårlege tider for dei nasjonale hesterasane, med færre fødde føl og ein marknad der det var vanskeleg å selje hest, vart det sett ned ei arbeidsgruppe som skulle sjå på korleis ein kunne forbetre situasjonen til rasane. Dette arbeidet resulterte i ein handlingsplan som kom med fleire tiltak for å få opp interessa for rasane, og eitt av desse var å lage ein signaturaktivitet.

Signaturaktiviteten for dei nasjonale hesterasane har fått namnet Skeid. Namnet vart tidlegare nytta om bygdestemner med hestekampar og kappritt, og skikken vart også ofte omtala i islandske sagaer. I Noreg var dette tradisjon fram til 1800-talet, særleg i områda Telemark og Setesdal. På norrønt tyder skeid ei slette eller mo der ein hadde ferdigheitsprøver til hest. Ein har vald å nytte dette namnet for å spele på den lange tradisjonen desse hestane har i Noreg.

Skeid bygger på eigenskapane hestane våre har. Dei er stødige i terrenget, samarbeidsvillige, kalde i hovudet, trygge og dei tek utfordringar. Ei Skeidbane består av ulike moment, der hestane treng desse eigenskapane for å gjere det godt.

Like etter nyttår vart reglementet for Skeid godkjent av raseorganisasjonane, så no er det enklare enn nokon gong for lokallag å arrangere denne relativt nye konkurranseforma. Jenny Wright Johnsen sit i arbeidsgruppa for Skeid, og har gjennom fleire år vore med på å utvikle konseptet. «Det beste med Skeid er at klasseinndelinga gjer at absolutt alle kan delta» seier ho. «Unge hestar og uerfarne folk kan delta i dei lågaste klassene, og dei høgste klassene kan gi glede og utfordringar for sjølv ein merittert konkurranseryttar.»

Skeid er ei aktivitet det er kjekt å sjå på, og kjekt å delta på. Eitt av måla er å rekruttere nye hestefolk til dei norske hesterasane gjennom Skeid, då dette er ein sport berre for fjordhesten, dølahesten og nordlandshest/lyngshesten. «Ein kan bruke hesten sin akkurat slik ein har lyst til i kvardagen, kose seg på tur i skogen og rett etter prestere godt i ei Skeid-konkurranse» seier Johnsen. «Ein treng ikkje mykje fasilitetar eller dyrt utstyr for å kunne drive med Skeid, det som er viktig er at ein speler på lag med hesten og har det kjekt saman» legg ho til.

Jenny W. Johnsen og Vilde Vevle på Skeid under NM på Voss i 2012

På sikt kan ein også nytte Skeid i avlsarbeidet. Dei bruksprøvene vi nyttar no gjer resultata veldig avhengige av ryttar/kusk og andre miljøfaktorar, og Skeid kan vere eit flott supplement her. Sidan ein kan tilpasse nivået kan ein også samle inn informasjon om hestar som er for unge til å avlegge vanleg bruksprøve. Eit system som kombinerer avl og bruk i så stor grad som Skeid vil vere særs positivt for dei norske hesterasane.

Linn Wåler Rønning og Lundeprinsen (4 år) på sitt første stemne. Foto: Kristine Berntsen

Ei av dei som har gode erfaringar med å delta på Skeid er Linn Waler Rønning. Ho har vore aktiv konkurranseryttar med dølahingsten sin, som ho har starta dressur og køyring med. No har ho to unge hingstar som ho satsar på at skal verte gode konkurransehestar i framtida. «For ferske eller unge hestar er miljøtreninga i Skeid vel så viktig som sjølve konkurransen, men det å få prøve seg i konkurransemodus er også veldig nyttig. Vi veit alle at trening og konkurranse er to forskjellige ting» seier Rønning. Hingstane hennar har vore med på Skeid heilt sidan dei var føl, og ho er heilt overbevist om at det er ein veldig stor fordel for både henne og hestane no som ho har starta å konkurrere med dei i køyring og dressur.

Kvardagsdressuren er kjempeviktig, og gjennom å nytte Skeid-moment i den daglege treninga kan ein bruke desse til å sjekke om dressuren sit. Øvingar som sideførande bevegelsar, holdt og rygging kjem godt med i Skeid, og når ein får testa desse i konkrete rammer vert meistringskjensla veldig tydeleg hjå både hest og ryttar. «Eg har aldri vore bortskjemt med gode fasilitetar for trening av hest, og då har det å sette opp enkle Skeid-moment vore til stor nytte for meg» seier Rønning.

«Måten ei Skeid-løype er bygd opp på er veldig motiverande for hestane» meiner Rønning. «Det er transportetapper mellom dei tekniske øvingane, noko som oppmodar til framdrift». Ho meiner også at det er viktig for alle hestar med variasjon i treninga, og difor er Skeid ypparleg som supplement til andre treningsformer og konkurransar.

For å arrangere Skeid treng ein ikkje eit stort hestesenter eller moderne fasilitetar. Det viktigaste er at ein har eit område ein kan plassere dei ulike momenta, og der både publikum og deltakarar kan ha det kjekt. Skeid er eit lågterskeltilbod som skal passe for alle, og er også flott å bruke på Barnas Fjordhestlag-arrangement. Gjennom å gjennomføre Skeid vil borna oppleve meistring og glede saman med fjordhesten.

«Uansett kva du brukar hesten din til frå før, er det flott å halde på med Skeid i tillegg» seier Rønning og Johnsen. «Skeid bygger både hesten og forholdet mellom hest og eigar, fordi å gjennomføre dei ulike hindera gir meistringskjensle».

I Skeid kan ein både ri, køyre, taumkøyre og leie.

Lurer du på meir om Skeid kan du sjekke vår infoside og infoside for arrangørar.