Denne hausten vil Prosjekt Kvalitetshest bli sett i gang ved to av dei nasjonale hestesentra våre. Her vil du som har unghest av nasjonal rase som du ønskjer å selje, få sjansen til å få utdanna hesten din, slik at han blir endå meir attraktiv for kjøparane.

Av Anne-Karin Løken

Prosjekt Kvalitetshest tek sikte på å ta inn ei gruppe unghestar til utdanning på kvart av dei nasjonale sentra sesongen 2018/2019. Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest vil vere fyrst ute, med oppstart denne hausten. Norsk Hestesenter tek sikte på å starte opp i løpet av 2019.

Kan dette vere noko for deg? Har du unghest du gjerne skulle ha selt, men som manglar litt utdanning for å vere attraktiv? Då kan du søkje om å få hesten din inn i prosjektet. Meir informasjon om inntakskrav, prisar, utdanningsopplegg osv. kjem i løpet av kort tid. Følg med!


Saker om Prosjekt Kvalitetshest som tidlegare er publisert på Fjordhestportalen: