Merete har fått hjelp i psykiatrien i store delar av livet sitt, men det var først då ho fekk eit tilbod som involverte hest at ho fann noko ho følte førte ho framover.

Byline: Ingvild Rydjord Hansen

Dette er del tre i artikkelserien Hesten som terapeut. Dei to første delane kan du lese her:
Del 1: I særstilling som helsefremjar Del 2: «Stallen som meistringsarena er unik»

Merete har to vaksne born, høgare utdanning og har hatt ein god jobb. Ho er ei ressurssterk dame, men dei psykiske utfordringane ho har hatt så lenge ho kan hugse har hindra ho i å leve eit normalt liv. Ho har depresjonar, posttraumatisk stressliding (PTSD), og slit med dissosiasjon, ein tilstand der ein mister kontakta med eller blir distansert frå seg sjølv, kroppsleg eller mentalt.

Dei siste 35 åra har Merete fått samtaleterapi på DPS (distriktspsykiatrisk senter), men dette har fungert mest som brannsløkking for å halde ho på beina. Tilfriskninga som alle, ikkje minst ho sjølv, har ynskja, har ikkje kome. Dei siste ti åra har Merete ikkje vore i stand til å jobbe, og er no uføretrygda.

Vart kjend med hestar på Modum Bad

Merete sitt første møte med hestar var då ho hadde eit opphald på traumeavdelinga på Modum Bad, ein av få stadar i landet der hesteassistert psykoterapi er ein del av behandlinga. «Eg hadde ikkje noko forhold til hestar i det heile tatt før eg var på Modum Bad, men eg kjende med ein gong på ein god tryggleik kring hestane» seier Merete. «Under opphaldet vart tida med hestane viktig for meg, og der lærte eg veldig mykje om meg sjølv.»

Då ho kom heim frå opphaldet på Modum, ynskte Merete å få til å halde fram med å ha kontakt med hestar. Ho var glad då ho fann Linda og Hestegarden og fekk eit tilbod der. «Då eg starta på Hestegarden hadde eg lenge vore veldig dårleg, og timane der vart veldig viktige for meg» fortel Merete. «Eg opplevde meistring, tryggheit og glede i eit tilvære som elles var mørkt og kaotisk.»

Å ha kontakt med hest kan vere god medisin for mange.

Eit vendepunkt

Å få eit tilbod på Hestegarden var eit vendepunkt for Merete. Gjennom årevis som pasient i psykiatrien har ho vore borti mange typar behandling, men ho er klar på at det å vere saman med hestar i ein trygg setting er det som har hatt mest føreseieleg, positiv effekt. «Forma mi svingar, og med den varierer også utbyttet av øktene på Hestegarden» seier Merete. «Nokre gongar skjer det endringar eg ikkje hadde trudd var moglege å få til, nokre gongar er det eit krafttilskot til å takle vanskeleg samtaleterapi, og andre gongar er det det som gjer at eg held ut frå ein dag til den neste.»

Merete fortel at uansett kva slags effekt ho har av øktene, så er det alltid ei positiv effekt. «Tida med hestane gir meg gode opplevingar som skaper bølger langt utover den tida eg faktisk er på garden» seier Merete. «Forma mi vert meir stabil, og å vite at eg no har noko som har effekt uavhengig av kva form eg er i, er svært verdifullt på mange vis, ikkje minst for å halde oppe håpet og trua på at noko nyttar.»

«På eit punkt vert alle negative tankar og kjensler om kropp,tankar og verda
elles helt underordna. Eg opphører, og ei eining av meg og hesten oppstår.
Det gir meg ei sterk kjensle av fridom.»

Merete

Dette ser kanskje ut som ein vanleg ridetime, men for Merete har timen så mange andre effektar enn den fysiske treninga.

Hestane motiverer

For Merete kan menneske til tider opplevast skremmande og uføreseielege. «Slik er det aldri med hesten, den er alltid trygg for meg. Den aksepterer meg, dømmer meg ikkje og er alltid ærleg mot meg» seier ho.

Når Merete er saman med hestane, kjenner ho på ei kjensle av tryggheit, friheit og glede. «På dei dårlegaste dagane mine kan det vere vanskeleg å finne fram gode kjensler, men som regel klarer eg å kome dit i løpet av ei økt med hestane» fortel ho.

«Sjølv om eg berre så vidt er innom å ha slike kjensler, så gjer det underverk for meg. Eg kan klare å halde ut vanskelege dagar fordi eg veit at der framme kjem det ein dag der eg får kome til hestane, og får ei lita pause» seier Merete. Ho fortel at tanken på desse pausane kan skape motivasjon for å oppretthalde viktige ting som søvn, mat og naudsynte medisinar. Utan dette vil ho nemleg ikkje klare å nyttegjere seg av tilbodet på same måte. «Dette er det viktigaste eg gjer for meg sjølv i løpet av veka, og eg har heldigvis folk rundt meg som ser den gode effekten det har på meg, og som hjelper meg med å prioritere tiltaket» seier ho.

Sidan i vinter er det ridefysioterapi Merete har fått på Hestegarden, då dette er ei behandling som fungerer godt på både fysiske og psykiske lidingar. Dette gjer kvardagen for Merete meir føreseieleg, då ho i tillegg til behandlinga får dekt transport til og frå Hestegarden, og difor kan reise dit sjølv om ho har ein dårleg dag.

Hesten er ein god ven

Øktene Merete har saman med hestane varierer frå gong til gong, då kva ho har behov for å gjere også varierer. Nokre gongar består øktene av bakkeøvingar med hest der det vert øva på konkrete ting som til dømes grensesetjing, nokre gongar brukar ho økta til å stryke og sanse på ein hest eller eit anna dyr, og andre gongar rir ho.

Merete ser på dette som sin trygge fritime, og det fungerer stabiliserande for ho i ein elles ustabil kvardag. «Tankar og kjensler som elles kan vere veldig dominerande, forsvinn når eg gjer ting som krev absolutt merksemd i notid» seier ho.

«Dersom eg manglar energi, får eg det. Er eg veldig uroleg, finn eg ro.
Er eg dissosiert og fjern, vert eg samla. Kjenner eg meg unyttig og udugeleg får eg
kjenne meistring. Kjenner eg på motlausheit og håplausheit, finn eg moglegheiter.
Er kroppen min eit fengsel, bryt eg ut og finn fridom.»

Merete

Merete, Linda og «Mummi» tek ein prat. (Foto: Privat)

Kyndig rettleiing er avgjerande

Å ha nokon som kan rettleie ein rundt hestane er viktig for å få maksimalt utbytte av hesteassisterte aktivitetar. Merete prøvde i ei kort periode å ha eit tilbod i ein vanleg stall der ho styrte seg sjølv, men det ga eit heilt anna utbytte. «Eg klarte ikkje å vende fokuset til noko som vart hjelpsamt for meg sjølv, men fokuserte berre på kva som var bra for hesten» seier ho.

Opplegget på Hestegarden fungerer mykje betre for Merete, og ho set stor pris på den relasjonen ho og Linda har skapt. «Linda har ei eiga evne til å forstå kva eg treng, ho les meg veldig godt, og justerer aktiviteten etter det» seier Merete. «Ho har gitt relasjonen den tida eg har hatt behov for, og eg har no veldig stor tillit til ho. Ho kan motivere meg til å prøve hardare enn eg trudde var mogleg, slik at eg oppnår stor meistring og glede».

 Firbeint medisin

Merete er veldig glad for at ho får dette tilbodet no, men syns det er leit at det er så få andre som får noko liknande. «Dyre medisinar med biverknader får ein på blå resept om ein treng det, men dette – som har halde meg gåande veke etter veke, heilt medisinfri og utan innleggingar i lange periodar det er det veldig vanskeleg å få støtte til frå det offentlege» seier ho oppgitt. «Eg skulle så inderleg ønske at dei som avgjer slikt tek innover seg kor mange som kan verte hjelpt på denne måten. Timane på garden gjer langt større nytte enn dei fleste medisinane eg har prøvd. Mange ville vore tente med at eit opplegg med den firbeinte terapeuten hadde vore eit meir utbreidd tilbod frå det offentlege.»

 

Angsten som haldt meg fanga då eg kom til garden, er heilt vekke. Eg sit på ein draum av ein hest,
og kjenner meg som ei fri sjel. Grå tåke, fråvær av håp, angst, depresjon, skrekkopplevingar,
dissosiasjon, forvirring, søvnmangel – fleire månader med dette, men høgt der oppe på hesten?
Eg ser moglegheiter og håp. Uro blir til ro. Eg har lyst til noko, for første gong på lenge. Eg kjenner meg fri!

Å snakke er ikkje for alle, for meg har det langt større effekt å erfare. Mange gongar har eg sagt at om
eg berre kunne kjenne meg trygg i fem minutt, ville det ha hjelpt. Takka vere hesten har eg no
denne tryggleiken, og har vorte sterkare. Eg har lært å vere uthaldande og meir tydeleg.
Lært at eg har verdi, lært at eg har rett til å «ta plass». Eg har lært gjennom å erfare, ikkje gjennom ord.

Ein augneblink av ro, det går brått opp for meg at det er det eg kjenner. Fråvær av redsle, fråvær av indre støy, ein roleg kropp. Ro – eg kan ikkje hugse sist det var slik. Eg er avslappa, i ordets allermest positive tyding.
Det er ei overveldande kjensle, og eit par gledestårer trillar fram i augo mine.Den som har æra av å gje
meg denne roa er heilt upåverka, han traskar vidare i jamt tempo, med meg på ryggen.

Merete

På hesteryggen kjenner Merete seg fri