


Ny dato for NM 2018
Viktig melding: Ny dato for Fjordhest NM 2018!

Prosjekt Kvalitetshest: Invitasjon til utdanning av unghest
Mange ønskjer å kjøpe ferdig utdanna hestar av dei nasjonale hesterasane, men vi har ikkje nok slike hestar å tilby marknaden. Norsk Fjordhestsenter og raseorganisasjonane for dei tre nasjonale hesterasane vil difor setje i gong eit prosjekt som heiter Prosjekt Kvalitetshest, som skal utdanne unghest for sal. Forprosjektet til Prosjekt Kvalitetshest er sett i gong ved Norsk Fjordhestsenter, der ein prøvar ut opplegget med å ta unghest inn til utdanning. Kan dette vere aktuelt for din hest?

Ny frist for å søke Frifondmidlar!
Norges Fjordhestlag har gjennom Barnas Fjordhestlag-satsinga fått tildelt 322 637 kroner frå ordninga Frifond organisasjon. Ditt lokallag kan framleis søke om støtte! Vi har utvida søknadsfristen til 1. desember, og etter første søknadsrunde er det framleis 135 000...
Haustmøtet 2017
Årets Haustmøte er over, og deltakarane hadde ei flott helg med fagleg påfyll og sosialt samvær med andre hestefolk. Haustmøtet vart i år arrangert av Norges Fjordhestlag og Landslaget for Dølahest på Scandic Hafjell i Øyer 3.-5. november.