


Valnemnda legg fram innstilling til ny leiar i Norges Fjordhestlag
Valnemnda i Norges Fjordhestlag har avslutta sitt arbeid, og legg fram innstilling til årsmøtet på at Hege Sæther Moen tek over leiarvervet i Norges Fjordhestlag. Noverande leiar i Norges Fjordhestlag, Janne Seilen, har styrt skuta sidan 2012, men har i år vald å...
Tips oss om kandidatar til marknadsføringsprisen
Norges Fjordhestlag ynskjer innspel frå lokallag og medlemmar på kven som bør bli tildelt marknadsføringsprisen i 2019. Kvart år deler styret i Norges Fjordhestlag ut ein eigen marknadsføringspris til nokon som har gjort ein særleg innsats for og med fjordhesten, og...
Nytt nummer av «Fjordhesten»
Årets første utgåve av medlemsbladet «Fjordhesten» hamnar i desse dagar i postkassa til medlemmane våre. Norges Fjordhestlag sitt medlemsblad «Fjordhesten» kjem ut fire gongar i året, og årets første utgåve er på veg ut til medlemmane våre....
Inviterer til fagsamling om drektigheit
Kva påverkar om ei hoppe vert drektig eller ikkje? Følprosenten på fjordhest er for låg, og Norges Fjordhestlag og Norsk Fjordhestsenter ynskjer å sette fokus på denne problemstillinga og inviterer til fagsamling om betre drektigheit på hest.

– Å bevare fargane er ein viktig del av fjordhestavlen
Dei låge bedekningstala for fjordhest gir utfordringar når det kjem til å bevare rasa sine fem fargevariantar. Gjennom gentesting kan ein finne ut kva fargegener ein hest har, slik at ein lettare kan ta omsyn til dette i val av avlskombinasjonar.