Ridefysioterapi er ein form for fysioterapi der ein nyttar hesten sine rørsler som grunnlag i behandlinga. Hanne Thue arbeider som ridefysioterapeut i samarbeid med Hestegarden i Sande.

Byline: Ingvild Rydjord Hansen

Dette er fjerde og siste del i artikkelserien Hesten som terapeut. Dei tre første delane kan du lese her:
Del 1: I særstilling som helsefremjar Del 2: «Stallen som meistringsarena er unik» Del 3: Ein trygg fritime

Hanne Thue er 29 år, busett i Førde og tilsett som fysioterapeut i Fjaler kommune. Ho vart interessert i ridefysioterapi då ho høyrde om behandlingsforma medan ho studerte.

Hanne tok etterutdanning i ridefysioterapi, og arbeidde ei stund i Trysil kommune før ho fekk seg jobb i Fjaler. Tidlegare i år starta ho opp med ridefysioterapi ein dag i veka i samarbeid med Hestegarden i Sunnfjord. Tilbodet er i utgangspunktet til pasientar i Fjaler kommune, men andre kan også få tilbod om å delta dersom det er kapasitet.

Hesten sine rørsler er grunnlag i behandlinga ein får gjennom ridefysioterapi.

Nyttar hesten sine rørsler

I ridefysioterapi nyttar ein hesten sine rørsler som grunnlag i behandlinga. Når ein rir overførast hesten sine rørsler til ryttaren og beveger ryttaren sitt bekken og rygg. Rørslene glir over i kvarandre i ein samansett, tredimensjonal bevegelse som består av sidebevegelse, rotasjon og framover-bakover-bevegelse, saman med ein framovergåande impuls.

Dette er den same rørsla som skjer i bekkenet til mennesket under normal gang, og ridefysioterapi gir menneske med rørslehemming moglegheit til å få denne påverknaden på muskulatur og ledd ved å sitte på hesten.

Når ein rir vert denne tredimensjonale rørsla gjentatt 90-100 gongar i minuttet på ein mellomstor hest. Dette gir veldig mange repetisjonar i løpet av ei rideøkt på 30-40 minutt. Rørslene til hesten gir ein jamn, rytmisk rørsle i bekken og rygg hos menneske. Den stimulerer til midtstilling, økt stabilitet, kroppsbevisstheit og balanse. Rørslene og varmen frå hesten kan også ha positiv innverknad på spastisk muskulatur.

Mange har nytte av å ri

Det er mange ulike pasientgrupper som har god nytte av ridefysioterapi, spesielt dei som har ein sjukdom eller funksjonsnedsetting som gir rørsle-, balanse- og/eller koordinasjonsvanskar. I tillegg vil personar med kroniske ryggplager, uspesifikke smerter og psykiske utfordringar kunne respondere godt på behandlinga.

Riding kan ha god effekt på å trene balanse og stabilitet, kroppsbevisstheit, styrke, koordinasjon og merksemd. Tilbodet eignar seg både for barn og vaksne. For å kunne få ridefysioterapi må du ha ei tilvising frå lege.

Fleire burde få eit tilbod

Ridefysioterapeut Hanne har vore hesteinteressert heile livet, og ho er no glad for at ho kan kombinere hesteinteressa med fysioterapiyrket gjennom ridefysioterapi. Etter å ha arbeidd med det ei stund, er ho klar på at dette er ei arbeidsform ho trivs med. «Det er veldig interessant og kjekt å kunne jobbe med ridefysioterapi, og bruke fysioterapikompetansen i kombinasjon med hest» seier ho.

Ridefysioterapi er ikkje ei uvanleg behandlingsform i Noreg, men Hanne skulle ønske at enno fleire fekk tilbod om det. «Ridefysioterapi kan vere ei erstatning for eller eit supplement til tradisjonell fysioterapi» seier ho. Det er gjort forsking på ridefysioterapien si effekt på ulike diagnosar, og det viser at behandlinga har effekt også etter at den er avslutta.

«I tillegg er ridefysioterapi ei lystbetont treningsform som pasientane ser fram til» seier Hanne. «Samværet og kontakta med hesten er viktig for mange. Hest og riding gjer det mogleg for menneske med ulike utfordringar å vere i fysisk aktivitet og trene jamt, noko som er veldig viktig for både den fysiske og psykiske helsa vår.»

Hanne Thue ser at mange har god nytte av ridefysioterapi, og skulle ønske at fleire kunne få eit slikt tilbod. (Foto: Linda Rognø)

Gjer ridetimen moro

I ridefysioterapi kan ein ri både på bane eller i ridehall, eller på tur. Opplegget må tilpassast kvar enkelt pasient. «Når eg får inn ein pasient som har tilvising til ridefysioterapi, gjer eg ei grundig undersøking av korleis han eller ho rører seg, samt andre utfordringar pasienten har» seier Hanne. «Deretter må eg sette saman gruppene slik at dei som er der har eit nokon lunde likt funksjonsnivå og kan gjennomføre dei same øvingane.»

Dersom det er born på timane er fokuset ofte på å gjere økta morosam. Løyper med ulike hindringar, eller leikar som «raudt lys» med hest er måtar Hanne legg opp timen slik at ungane skal ha det moro.

Fjordhesten si samarbeidsvilje gjer den godt egna til bruk i ridefysioterapi, meiner Hanne Thue. (Foto: Linda Rognø)

Må kjenne hestane godt

Hestar som skal nyttast til ridefysioterapi må vere godt grunnutdanna, ha eit godt lynne og vere pålitelege og trygge. Rørslene må vere mjuke og gode, og ikkje for store. Hesten må gå roleg, men ha god framdrift.

«Det er viktig at vi som ridefysioterapeutar kjenner hestane vi nyttar godt, slik at vi kan velje hestar som stettar pasienten sitt behov» seier Hanne. «Dette er med på å gi eit godt individuelt tilpassa opplegg, der pasientane kan nå måla sine.»

«Det er ein fordel at ein har hestar i litt ulike storleikar og fasongar» fortel Hanne. «Dei ulike utfordringane pasientane har, kan gjere at dei for eksempel bør ein smal eller brei hest. Nokre ryttarar treng ein hest med god framdrift og som tek små signal, medan andre må ha ein hest med veldig roleg gang.»

Det er hesten sine eigenskapar meir enn kva rase dei er som fortel om den er egna til å verte brukt i ridefysioterapi. «Det er ein fordel at ein har hestar i litt ulike storleikar og fasongar» fortel Hanne. Dei ulike utfordringane pasientane har, kan gjere at dei for eksempel bør ha ein smal eller brei hest. Nokre ryttarar treng ein hest med god framdrift og som tek små signal, medan andre må ha ein hest med veldig roleg gang.

Hanne har fått god erfaring med bruk av fjordhesten til dette formålet. «I tillegg til amerikansk miniatyrhest som kan egne seg godt til dei minste ryttarane, har Hestegarden fire fjordhestar. Desse hestane er godt utdanna, rolege og tillitsfulle og gjer ein veldig viktig jobb for dei som deltek på ridefysioterapi. Fjordhesten er sterkbygd, roleg, og den har mjuke og gode rørsler som ikkje er for store» fortel ho. «Fjordhesten er ein hest med mykje sjarm og gode samarbeidsevner, noko som kjem godt med i ridefysioterapi.»

Ei heilskapleg behandlingsform

Med kompetansen til både Hanne og Linda, samt godt eigna hestar, har Hestegarden no høve til å tilby ei heilskapleg behandlingsform som fungerer for både dei med psykiske og fysiske utfordringar. «Det at vi har skapt eit tverrfagleg samarbeid der vi har kompetanse på mange ulike pasientgrupper og utfordringar, gjer at vi saman med hesten kan hjelpe enno fleire» seier Hanne. «Kropp og sinn heng i hop, og her ser vi kvart enkelt menneske og dei utfordringane han eller ho har og behandlar heile mennesket.»

Ridefysioterapi kan gje god effekt på både den fysiske og mentale helsa vår.